Fiske i Skjåk

Drøymer du om å fiske fjellørret i ekte høgfjellsnatur? I Skjåk kan du velje mellom 230 fiskevatn og 250 km med fiskeførande elver  - finn ditt  fjellfiskevatn mellom høge fjelltoppar eller endelause fjellvidder.

 
Foto_BjørnarHansen-0762.jpg

Kvar drøymer du om å fiske?

 

Harrfiske i Ottaelva, ekte høgfjellfiske i Breheimen, lange fisketurar i Reinheimen, familiefiske på Grotli, eller kanskje garnfiske på Aursjoen for å sikre rakfisken?

Vi har tilbod til alle i Skjåk – garantert køfritt! Vi har store område ein kan utforske enten på eige hand – eller så hjelper vi deg gjerne med å planlegge fisketuren. Ta gjerne kontakt med oss, eller sjå nærare på våre fisketips for å lure auren i Skjåk. Skjåk Almenning leiger også ut 18 uliker hytter som ligg gunstig til for fiske. Fleire av dei med tilgang til båt og garn.

Fiskekort løyser du enklast sjølv via Inatur. Dette kortet gjeld for heile Skjåk kommune og du kan da fiske i meir enn 230 vatn og 25 mil med elv. Sjå kart over området her. Du kan også løyse fiskekort på desse utsalsplassane i Skjåk kommune (innanbygds må handle hjå ein av desse for å få redusert pris):

  • Administrasjonsbygget til Skjåk Almenning i Bismo

  • Rusten Sport (kjøpesenteret)

  • Yx Skjåk

  • Sota Sæter DNT

  • Gjeilo Camping

  • Grotli Høgfjellshotel

  • Polfoss Gjestehus

  • Dønfoss Camping

  • Coop Prix Bruvoll

  • Lien sykkel og sport

  • Øybergsetra

  • Skjåk Hytteservice

I brosjyren På fisketur i Skjåk finn du beskrivinga av 36 fisketurar i Skjåk. På denne sida kan du finne nærare omtale av stiar og vegval.

 
Skjåk_Ottal_Foto_BjørnarHansen-0667.jpg

Otta elv

Stongfiske med sluk, spinner, fluge og mark.

Fiske 2 i SyrtbyttdalenFoto Cathrine Dokken.jpg

Familiefiske

Når det å få fisk er viktigare enn størrelsen.

skjåk 3 Foto Skjåk Almenning.JPG

Båtleie og tilgang til garn

Sjå Skjåk Almenning sitt utval av båtar

fiske_i_reinheimen.png

Reinheimen

Stor ørret og endelause fjellvidder.

Jo Trygve og Jostein i båt.JPG

Garnfiske

Vil du fiske, eller vil du få fisk?

Mysubyttdalen_Skjåk_Oppland_Foto_BjørnarHansen-21.jpg

Breheimen

Mellom høge fjell og isbrear.

Fiske Reinheimen solnedgang 2 red.jpg

Fiskeregler

Meir informasjon om fiskeregler og fiskekort.