Breheimen

– mellom høge fjell og isbrear

Foto: Steffen Kjønnås.

Foto: Steffen Kjønnås.

Ynskjer du å fiske ørret i elver omkransa av 2000 meter toppar og store isbrear, er det utan tvil Breheimen du bør reise til! Mellom fjelltoppane finn ein dei store dalføra Lundadalen og Tundradalen, begge fine fiskeelver. Her er det gode sjansar for halvkilosfisk, men elvene her skiftar både farge og vassføring svært raskt, etter temperatur og nedbør - noko som kan gjere fisket litt ekstra utfordrande.

Derfor kan det vere greitt å vite at dersom fiske i elvene ikkje slår heilt til, fins det alltids vatn lenger inn i dalen eller i fjellområda nord for Tundradalen som ikkje er påverka av isbrear. Mellom steinrøysene her inne, 1600 moh «der ingen skulle tru at fisken kunne bu» - fins det faktisk kilosfisk i vatna!

Med utgangspunkt frå DNT hytta Sota Sæter fins det fisketurar i alle himmelretningar; Søverdalen, Sekken, Tverrådalen eller Sottjønnen for å nemne nokre alternativ. Felles for desse turane er at dei byr på god trening for motbakkeløp. Som ekstra løn for strevet får ein fantastisk utsikt og tilgang til gode bortgøymde fiskevatn.

Er du ikkje så glad i motbakkar fins det gode alternativ nede i dalbotn også. Med start frå setrene på Mysubytta kan ein fylgje DNT stigen innover til Slæom. Då er det fint å fiske seg innover elva Mysubytta til Mysubyttvatnet. Eventuelt ta turen sørover langs DNT stigen mot Sprongdalshytta, og ta avstikkar ned til elva Syrtbytta, Syrtbyttjønnen og Syrtbyttvatnet. Andre gode utgangspunkt for fisketurar i Breheimen er Botn Seter, Grotli eller Gamle Strynfjellsvegen.