Skjåk Almenning

Industrivegen 10
2690 Skjåk

 
 

Kontakt oss

firmapost@skjak-almenning.no
Telefon: 61 21 39 00
Opningstid måndag-fredag frå 08.00 til 15.30.

Tilsette

Kjetil Brandsar

Kjetil vart tilsett som almenningsstyrar frå 1.november 2023 der han har ansvaret for den daglege drifta. Kjetil er oppvaksen i Skjåk, men flytta frå der i 1996. Han er utdanna jordskiftekandidat/eigedomsfag ved NMBU/NLH. Han har yrkeserfaring frå offentleg og privat sektor. Fagleg har han stor interesse for eigedomsjuss, tingsrett og eigedomshistorie. Han er glad i friluftsliv og har soleis vore mykje Skjåk-fjella.

Tlf.: 90919021

E-post: kjetil@skjak-almenning.no

 
Kari Elin.jpg

Kari Elin Sperstad

Kari Elin er ekte Skjåkvær frå den vakre fjellgrenda Bråtå – inngangsporten til Breheimen. I Breheimen er ho svært godt kjent – og har vore på det meste av toppar som er verdt å besøkje, ei ekte fjellgeit med andre ord! Kari Elin er heldigvis ikkje jeger sjølv (for då hadde det vorte snevre opningstider her om hausten), så det er stort sett ho du har kontakt med dersom du skal på villreinjakt i Skjåk, bestille hytte, overføre festekontraktar eller andre ting relatert til hytter og hyttetomter . Ho kan hjelpe deg med det meste – så ikkje nøl med å ta kontakt!

Telefon 61 21 39 00
kari@skjak-almenning.no

 

Tor Erik Myhren

Tor Erik er utdanna innan skog og naturbruk ved Høgskulen Innlandet, avdeling Evenstad. I tillegg har han fagbrev som tømrar - og har fleire års erfaring som oppsyn i villreinfjellet og rovviltkontakt for Statens Naturoppsyn. Opphaveleg kjem han frå Arendal, men flytte til Skjåk i 2011 - og har arbeidd som sjølvstendig næringsdrivande på gardsbruk med mjølkeproduksjon dei siste åra.

Han er også ein ivrig jeger og fiskar - så han er allereie godt kjent i Skjåk Almenning!

Tor Erik vart tilsett etter Kjell Olstad i mars 2024, og kjem mellom anna til å ha tilsyn med skogsvegar, utføre trefelling, samt ha tilsyn og vedlikehald av allmenningshyttene som sentrale arbeidsoppgåver.

Telefon 99 29 76 27
E-post: tor.erik.myhren@skjak-almenning.no

 
 
Birgit og drever.jpg

Birgit Bilstad

Telemarkjenta Birgit kom til Skjåk i 2010. Da vart ho tilsett som fiskerettleiar i Skjåk Almenning. Dette var eit 3-årig prosjekt, men når dei åra hadde gått såg ein at det fortsatt var bruk for Birgit her. Etter kvart vart ansvarsområde endra frå småvilt og fiske - til mellom anna storvilt og bruksrett. Ho tek seg også av andre oppgåver både ute og inne. Du kan også treffe henne i fjellet som naturoppsyn.

Ho tykkjer at fjella og naturen i Skjåk er det finaste som finns, så betre kan ho ikkje ha det. Midt i smørauga for ein ivrig jeger og friluftsmenneske. Birgit har Mastergrad i Skogfag innblanda med mykje vilt og fiskeforvaltningsfag frå NMBU på Ås.

Telefon 976 05 329
birgit@skjak-almenning.no

 
Astrid.jpg

Astrid Bjørnstad

Astrid starta i Skjåk Almenning 1. mai 2018 som økonomileiar, med økonomiansvar for både Skjåk Almenning og fleire av dotterbedriftene. Ho har lang erfaring innan rekneskap og økonomistyring. På fritida er ho mykje ute med familien på tur i skog og fjell, så ho er godt kjent i Skjåkfjella.  

Telefon 902 17 104

E-post astrid@skjak-almenning.no

 

Kristen Haugen Dagsgard

Kristen er oppvaksen i Skjåk, utdanna adjunkt ved NTNU med tilleggsutdanning i jakt, fiske og guiding frå HIHm. Han byrja som tilsett i Skjåk Almenning 1.juli 2019. Kristen har småvilt, motorferdsel, rekrutteringstiltak, fisk og hyttefelt som sitt hovudansvarsområde. I sommarhalvåret er arbeidsområdet meir skjøtselstiltak for fiske og naturen elles. Han har i tillegg funksjon som sekretær for Reinheimen-Breheimen Villreinutval. Kontakt Kristen dersom du ynskjer meir informasjon om jakt, fiske, hyttetomter og friluftsliv generelt i Skjåk Almenning.

Telefon: 45 47 36 83

E-post: kristen@skjak-almenning.no