Fiskekort og fiskeregler i Skjåk almenning

  • Alle under 20 år kan fiske gratis med stong og handsnøre. Dette vart innført frå og med 2013 og gjeld både innan- og utanbygds.

  • Den som er under 20 år pliktar å syne fram legitimasjon med bilde som kan stadfeste alderen.

  • Alle andre må løyse fiskekort for den type reiskap dei ynskjer å bruke, om det er stong, oter og/eller garn.

  • Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren.

  • Fiskekortet gjeld alle vatn og vassdrag innanfor Skjåk kommune sine grenser.

  • Sesongen varar frå isen reiser om våren, til isen legg seg på hausten. Det er også lov med isfiske, men då må ein løyse fiskekort (for stongfiske utanbygds).

  • Vi ynskjer ikkje ørekyte eller andre nye artar i vassdraga våre, derfor er all bruk av død og levande fisk som agn forbode.

  • Nokre område kan ha spesielle reglar i høve fangstavgrensing, sjå komplette reglar for fiske, i fiskereglane under.

Fiskereglar finn du her.

Skjema for fangstrapport finn du her.

Bruk av båtmotor

I Skjåk kommune kan det berre nyttast båtmotor med inntil 10 hk på fylgjande vatn: Grønvatnet, Breidalsvatnet, Kolbeinsvatnet, Aursjoen, Raudalsvatnet, Liavatnet, Lundadalsvatnet, Torsvatn, Leirungsvatnet og den delen av Skim som ligg i Skjåk.

Ved bruk av motor på Lundadalsvatnet, Torsvatnet, Leirungsvatnet og delar av Skim som ligg i verneområde, må ein søkje vernemyndigheitene om særskild løyve, god tid i førevegen. Løyvet er personleg og må vera med kvar gong du nyttar motoren.

I tillegg er det frå 2022 opna for å bruke el-motor inntil 800 W på Heggebottvatnet, Nysetervatnet, Heimdalsvatnet, Grotlivatnet, Lægervatna og Langvatnet (Geirangervegen). Det kan også brukast el-motor i Pollvatnet etter søknad hjå kommunen.

Korttyper og prisar for utanbygds

Skjermbilde.PNG

For innanbygds kostar sesongkort som inkluderar alle typar reiskap kr 200 for enkeltkort, og kr 300,- for familekort. Familiekortet gjeld ektefelle/sambuar og deira born ut det kalenderåret dei fyller 20 år. Innanbygdes har ikkje løysing for fiskekort på Inatur, men må løyse det på kontoret til Skjåk Almenning, eller på ein annan salsplass i kommunen.

Kortsal

Skjåk Almenning sitt administrasjonsbygg i Bismo (åpningstid kl. 08.00–15.30 på kvardagar).
Elles får du kjøpt fiskekort på Inatur, og desse service- og reiselivsbedriftene i Skjåk:

  • Administrasjonsbygget til Skjåk Almenning i Bismo

  • Rusten Sport (kjøpesenteret)

  • Yx Skjåk

  • Sota Sæter DNT

  • Gjeilo Camping

  • Grotli Høgfjellshotel

  • Polfoss Gjestehus

  • Dønfoss Camping

  • Coop Prix Bruvoll

  • Lien sykkel og sport

  • Øybergsetra

  • Skjåk Hytteservice