Vi har mange båtar!

I Skjåk Almenning kan du leige båtar på mange forskjellige vatn for fiske, transport eller fritidsaktivitetar. Kontakt oss på tlf. 61 21 39 00 eller epost firmapost@skjak-almenning.no for leie.

For bruk av båtmotor i verna område må ein ha gyldig løyve. Dette søkjer ein om hjå nasjonalparkforvaltaren i Reinheimen eller Breheimen. For bruk av el-motor på vatn mindre enn 2 kvadratkilometer, må ein søkje Skjåk kommune og Skjåk Almenning som grunneigar.

For sesongen 2021 tilbyr vi båtleie på fylgjande vatn og tjern i Skjåk:

  • Sottjønnen (med 5 garn)

  • Grønvatnet (med motor og minst 12 garn)

  • Glittervatnet (med 8 garn)

  • Raudalsvatnet (med motor)

  • Hamsedalen (med 5 garn)

  • Aursjoen (2 stk båtar)

  • Veltdalen

  • Heggjebottvatnet

  • Legervatnet (med 3 garn)

  • Breidalsvatnet

  • Grotlivatnet

  • Heillstuguvatnet

  • Lortjønnen (med 5 garn)

  • Storvatnet (med ca 25 garn)

  • Liavatnet (med 5 garn)

  • Nysetervatnet

I tillegg har Skjåk Almenning eit lager på Felodden der ein fritt kan låne med seg garn og redningsvestar. Her kvitterer ein sjølv ut og inn garna ved lån.

P1010088.JPG