Reinheimen

– stor ørret og endelause fjellvidder

Foto: Morten B. Stensaker.

Foto: Morten B. Stensaker.

Reinheimen er som namnet tilseie villreinenens rike, men du kan også finne ditt eige fjellørretrike – her er det nemleg langt mellom folk. Reinheimen er nest etter Hardangervidda, rekna som det mest øydeliggande fjellområde i Sør Norge. Inne på dei store viddene dukkar det stadig opp både små og store blinkande vatn. Mange av fjellvatna ligg så høgt at den isfrie perioden berre varar nokre veker, og den beste tida for høgfjellsfiske i Reinheimen er derfor frå midten av juli og utover seinsommaren.

Særleg områda lengst nordvest i Skjåk er seint isfrie – men det er verdt å vente på, for her er kanskje det området i Skjåk med størst sjanse for kilosfisk.

Rundtur frå Billingen

Dersom du ynskjer å utforske ekte høgfjellsfiske i hjartet av Reinheimen, anbefaler vi ein rundtur med utgangspunkt frå Billingen. Det er lurt å ha minst 3 dagar på denne turen slik at ein har god tid til å utforske fleire vatn. Terrenget er prega av slake flyer, men det er mykje stein. Frå midten av juli, og ut august er den beste perioden for turen. Utgangspunktet er ved Billingen. Fylg merka DNT-stig som går langs elva Tora innover Tordalen. Tora har mykje av sitt utspring frå Tafjordfjella og renn glasklar og i fine fløymer gjennom heile den over 15 km lange Tordalen. Den får bra påfyll av vatn frå Tverråe austafrå, litt over halvvegs inni Tordalen. Fisken er ikkje så stor i Tora, men han blir jamt over større dess lenger innover ein kjem. Det er mange fine teltplassar innover Tordalen, eller du kan leige Tverråhytta til Skjåk Almenning.


Ta turen vidare langs DNT-stigen til Torsvatnet. Aure på 500-800 gram er vanleg i Torsvatnet. Elles anbefalast det å ta turen inn til Flatvatnet, Bollvatnet og Spongvatna som alle husar aure på over kiloen. Det går ingen merka stig til desse vatna, og ein er nesten garantert å ha fjellvatna for seg sjølv.

Overnatting i telt eller Storvassbue (eventuelt ta turen langs elva Spongje og Dørvatna mot Storvassbue). Turen over mot Skarvedalen tar ein gjennom Dør, skaret mellom Høggøymen og Dørkampen. Det er verdt å ta med seg Midtre og Austre Dørtjønnen og Blåbergtjønne på tur til Skarvedalsbue. I Skarvedalen er det fleire mindre vatn ein kan prøve lykka i, kvaliteten på auren er bra, sjølv om ein er høgt til fjells. Turen heimover går i Skarvedalen og etterkvart langs elva Føysa nedover mot utgangspunktet på Billingen. På veg mot Billingen kan ein godt ta turen om Rognebergtjønne og/eller Langvatnet i Langvasslågån. 

Eit anna godt utgangspunkt for fisketurar i Reinheimen er frå Aursjoen. Med startpunkt på over 1100 moh, lettgått terreng og mange fiskevatn å velje i, er dette eit område som også passar for familiar på dagstur. For dei som ynskjer at turen skal vare lenger er det fint å ligge i telt, eller ein kan leige Sveinbu som ligg ved Lortjønnen. Sveinbu er også fin base for dagsturar til fleire aktuelle fiskevatn på grensa mot Lesja.