Sveinbu

Sveinbu ligg 1342 moh ved Lortjønnen – like ved Reinheimen nasjonalpark. Det er ca. 3,5 time å gå, i lettgått terreng frå Aursjoen. 

Sveinbu sommar

Fylg fylkesveg 485 mot Jøingsli. Skilta mot Aursjoen frå Riksveg 15. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Merka stig mot nord til Aursjotjønn,vidare langs Skridugrove og mellom Løtjønn og Lortjønnen, vidare nordover i terrenget på vestsida av Lortjønnen. Alternativ frå Heggebottsætre og innover Heggebottflye til Sveinbu.

Sveinbu vinter

Aursjovegen er ikkje brøyta vinterstid, men det er som oftast skuterløype opp til Aursjoen frå februar. Eventuelt kan ein gå frå Heggebottvatnet til Heggebottsætre og vidare innover Heggebottflye.

GPS koordinatar, UTM Euref 89; Nord 6874513 Aust 454726. Eventuelt M711-serien: 1518 I Skjåk og 1319 II Tordsvatnet.

Om området

Turen til Sveinbu passar for dei fleste då det ikkje er mykje stigning og lett høgfjellsterreng å gå i. Det er delvis merka stig fram til hytta. Ein anbefalar likevel å ta med kart og kompass/GPS.

Fisking
Lortjønnen ligg berre nokre hundre meter frå hytta der vi har båt og garn til utleige. Elles er det fleire bra fiskevatn i dagsturavstand frå hytta.

Tur
Lettgått høgfjellsterreng utan mykje stein og ur, gjer at terrnget er lettgått. Aktuell som base for topptur til Skarvedalseggen 1961 moh og Stamåhjulet (1821 moh) med flott utsikt over Reinheimen nasjonalpark.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 10 km.
Avstand frå veg vinter: 19 km.
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1.
Areal: 20 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i bekk like ved hytta eller lite vatn 350 m søraust.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.