Garnfiske i Skjåk

Jo Trygve og Jostein i båt.JPG

Skal du fiske eller få fisk?

For mange Skjåkværar er det mataukfiske som gjeld – det er lange tradisjonar for garnfiske i Skjåk, og den gjeld framleis. Ørret er ei flott råvare som Skjåkværane veit å seta pris på – og å legge ned «råkåfisk» av ypparste kvalitet er noko mange her gjer kvart år. Eller kven kan motstå nyfanga aure i folie med smør, godt krydder og litt purre - tilberedt på bålet eller på grillen?

Mange gjer også eit godt arbeid med å kultivere vatna, både i form av utsettingar, fangstrapportering og utfisking. I dei fleste vatna våre blir det fiska veldig lite, slik at det er naudsynt for å oppretthalde god vekst at det blir tynna ut noko med garn i tillegg til sportsfiske.

I Skjåk Almenning har vi opna opp for at alle kan fiske med garn på lik line som innanbygdsbuande – etter like reglar. Nokre nye garnfiskarar har vi fått etter at vi endra reglane, men vi har plass til mange fleire! For garnfiske gjeld det spesielle reglar for kvart enkelt vatn i høve talet på garn og maskeviddestørrelse som er tillate.

Har du lyst til å kombinere fisketuren med ein fin fjelltur kan Hamsedalen og overnatting på Kvitberghytta anbefalast! Turen hit tek om lag 2-3 timar, men det er ein lett tur som passar dei fleste. Her har vi båt og garn til utlån ved Viatjønne som ligg ca. 800 meter frå hytta. Det er vanleg å få fisk på 250-400 gram i vatnet.

Andre fine fjellturar der vi har lagt til rette med båt og garn er Sveinbu som ligg ved Lortjønnen i Reinheimen, Storvatnet i Reinheimen, Sottjønnbu i Breheimen eller Grønvatnet i Tafjordfjella.

Hytte med båt og garn har vi også ved vegnære vatn som Aursjoen, Heggebottvatnet, Legervatna i Breidalen og ved Liavatnet. Ta kontakt med oss for meir informasjon og tips.