Kvitberghytta

Kvitberghytta ligg 1050 moh nordvest i Skjåk Almenning, på grensa mot Vestlandet. 2,5-3 t. gange frå bilveg – høver bra som familietur. Båt og garn til utlån. Fin tur også vinterstid

Alternativ 1

Kvitberghytta frå Geirangervegen (sommar): Gå på anleggsveg til Kolbeinsvatnet frå Geirangervegen, DNT-stig langs vatnet. Hytta ligg 750 m frå stigen. Geirangervegen er stengt vinterstid.

Alternativ 2

Frå Hamseviken: Parkering i Hamseviken ved Breidalsvatnet. Delvis varda stig på vestside av Hamsetjønnen og forbi Viatjønn. Hytta er godt synleg på lang avstand i fint vær. Lettgått tur både sommar og vinter, høver bra for barnefamiliar. Turen tek ca 2-3 timar både sommar og vinter (avhengig av føre).

GPS koordinatar: UTM32 Euref89: Nord 6883227 Aust 418389. Kart M711-serien 1319 III Tafjord

Om området

Uansett om du vel å gå frå Geirangervegen eller Hamsevika er dette ein lett tur for dei fleste utan mykje stigning. Området rundt hytta er småkupert, med fleire mindre toppar rundt som kan vere fine dags/kveldsturar.

Fisking
Om du går frå Geirangervegen eller Hamseviken kan ein prøve fiskestonga innover. Det er aure i alle vatn og elver i området. Kvaliteten varierer, i Hamsedalen er det størst fisk i Viatjønne. Her har også Skjåk Almenning båt og garn til utlån for dei som vil prøve å skaffe seg fiskemiddag. 

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 10 km.
Avstand frå veg vinter: 10 km.
Stigning: 27/123 høgdemeter.
Senger og utstyr til: 4–5 personer.
Antall rom: 1.
Areal: 21 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i lite vatn ca. 100 m sørvest for hytta.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.