Sottjønnbu

Ligg på Sotflye, 1475 moh, ca. 2,5-3,5 t gange frå Sota Seter. Fantastisk utsikt! Fisk i vatna ved hytta, båt- og garnutleige. Fin base for å ta toppturar både sommar og vinter.

Til Sottjønnbu

Ta av Rv.15 i Dønfoss, og fylg skilting 29 km til Sota Sæter. Betalingsbomveg.

Frå Sota Sæter: fylg DNT-stig opp lia til venstre mot Nørstedalssæter. Gå opp til høgdekote 1300 moh og ta av i terrenget mot Søre Sothogget. Gå mellom Sottjønnen (det går greit å krysse bekken med fjellsko) og fram til Sottjønnbu. Ein går heile turen i Breheimen nasjonalpark.

GPS koordinatar, UTM Euref 89; Nord 6850996 Aust 435347. M711-serien 1518IV Pollfoss og 1418 I Skridulaupen.

Om området

Fantastisk utsikt over store isbrear, Tverrådalskyrkja og Tundradalskyrkja i sør, og mot vest ser du Lodalskåpa. Om du ikkje er glad i toppturar har du likevel flott utsikt frå hytteveggen, og hytta er eit fint turmål i seg sjølv til alle årstider. Turen til Sottjønnbu er litt over 5 km lang og med 733 høgdemeter stigning – likevel ein grei tur for dei fleste, då det er lite ur og stein og store delar av turen går etter merka DNT stig. Det er også mogleg å legge opp si eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen med lange dagsetappar.

Topptur
Blant dei hyttene våre som er best utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter. Tverrådalskyrkja (2088 moh), Tundradalskyrkja (1970 moh), Vestre Holåtinden (2039 moh), Midtre Holåtinden (2047 moh), Austre Holåtinden (2043 moh), Ytre Gjelhøi (1943 moh).

Fisking
Båt og garn til utleige. Fin kvalitet på fisken i begge Sottjønnen. Også fin fisk i Tundradalstjønnen lengst inn i Tundradalen ca. 2,5 km frå hytta. Grøntjønne er også eit alternativ litt lenger unna.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 5,1 km.
Avstand frå veg vinter: 5,1 km.
Stigning: 733 høgdemeter.
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1 + gang.
Areal: 21 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i Sottjønnen eller oppkome ved hytta.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.