På tur i Reinheimen og Tafjordfjella

 Foto: Per Bakken.

Foto: Per Bakken.

Om du likar lange fotturar eller fjellskiturar, gjerne frå hytte til hytte, er Reinheimen og Tafjordfjella i Skjåk rette staden for deg! Om du samlar på 2000 meters toppar har Reinheimen også ein 2000 meter topp, Gråhøe på 2014 moh. Denne toppturen er fin å kombinere med overnatting i Skarvedalshytta.

Vi kan elles nemne Karitind 1982 moh og Tordsnose 1945 moh som aktuelle toppturmål med utgangspunkt frå Tverråhytta i Tordalen eller Grønvassbue ved Grønvatnet. Store delar av det DNT kallar Tafjordfjella ligg i Skjåk, og Skjåk Almenning har utleigehytter i dette området også.

Elles høver Reinheimen og nordområda i Skjåk seg svært godt for lengre fotturar frå hytte til hytte – og særleg for dei som likar lange fisketurar er området eit eldorado. Terrenget er meir lettgått her enn i Breheimen, særleg i sør og austlege delar av Reinheimen. Det er sjeldan ein møter folk utanom DNT stigane, så dersom ein ynskjer stillheit og ro er ein fjelltur hit perfekt.

Dersom ein vil få med seg meir variert natur i Reinheimen, anbefaler vi ein rundtur på 3 dagar med utgangspunkt frå Billingen. Overnatting på Tverråhytta , Storvassbu og Skarvedalshytta. Denne rundturen er fin både sommar og vinter. Start eller avslutt gjerne turen med eit besøk på Billingen Seterpensjonat – der blir du teke godt vare på!

 
Aursjobu.jpg

Aursjobu

Ved Reinheimen nasjonalpark.

aursjohytta.jpg

Aursjohytta

Fantastisk utsikt over Skjåkbygda og Breheimen nasjonalpark

Gronvassbu.jpeg

Grønvassbu

I hjartet av Tafjordfjella

Kvitberghytta.jpeg

Kvitberghytta

I Tafjordfjella

storvassbu.png

Storvassbu

I Reinheimen nasjonalpark.

Skarvedalshytta.jpeg

Skarvedalshytta

I Reinheimen nasjonalpark.

Sveinbu.jpg

Sveinbu

I Reinheimen nasjonalpark.

Storhobue.jpg

Storhøbue

I Reinheimen nasjonalpark.

tverrahytta.jpeg

Tverråhytta

I Reinheimen nasjonalpark.