Storhøbue

Storhøbue ligg 1400 moh, lengst nordaust i Skjåk Almenning i eit svært stille og fredeleg område i villreinens rike, cirka 2,5-3,5 timers gange i slakt terreng.

Storhøbue sommar

Fylg fylkesveg 485 mot Jøingsli. Skilta mot Aursjoen frå Riksveg 15. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Køyr 5,5 km til dammen i austre enden av Aursjoen. Umerka, men tydeleg stig mot nordaust 4,8 km, så til venstre i stigdelet ved Styggeværskvila. Hald fram ca. 3,5 km etter stigen, og deretter om lag 550 meter austover i terrenget fram til hytta. I finvær ser ein hytta på god avstand.

Storhøbue vinter

Vinterstid er ikkje Aursjovegen brøyta, men ofte er det skuterløype opp til Aursjoen. Deretter vidare langs eller over Aursjoen. (NB Aursjoen er regulert, gå derfor ikkje utpå isen i sørvestre enden ved Søre Hyrevvikje).

GPS koordinatar, UTM Euref 89; Nord 6873466 Aust 470319 Eventuelt M711-serien: 1518 I Skjåk

Om området

Fisking
Utletjønnen, Tvillingtjønnen og Leirungsvatnet ligg 1-3 km frå hytta.

Tur
Lettgått terreng både sommar og vinter, høver fint for familieturar. Lett topptur til Storhøi (Trihøene 1728 moh) og Skardtind (1883 moh) med vid utsikt mot Lesja og Skjåkfjell. Storhøbu høver bra som mellomstasjon for dei som vil ha ein lengre tur frå hytte til hytte i Reinheimen nasjonalpark. Legg opp din eigen tur frå hytte til hytte gjennom nordområdet i Skjåk – Frå Kvitberg i vest til Storhøbu i aust!

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 10 km.
Avstand frå veg vinter: 22 km.
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1 + gang.
Areal: 20 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i oppkome/bekk 30 m søraust for hytta.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.