Fiske i Skjåk
Drøymer du om å fiske fjellørret i ekte høgfjellsnatur? I Skjåk kan du velje mellom 230 fiskevatn og 250 km med fiskeførande elver - finn ditt fjellfiskevatn mellom høge fjelltoppar eller endelause fjellvidder.
Drøymer du om å fiske fjellørret i ekte høgfjellsnatur? I Skjåk kan du velje mellom 230 fiskevatn og 250 km med fiskeførande elver - finn ditt fjellfiskevatn mellom høge fjelltoppar eller endelause fjellvidder.
Harrfiske i Ottaelva, ekte høgfjellfiske i Breheimen, lange fisketurar i Reinheimen, familiefiske på Grotli, eller kanskje garnfiske på Aursjoen for å sikre rakfisken?
Vi har tilbod til alle i Skjåk – garantert køfritt! Vi har store område ein kan utforske enten på eige hand – eller så hjelper vi deg gjerne med å planlegge fisketuren. Ta gjerne kontakt med oss, eller sjå nærare på våre fisketips for å lure auren i Skjåk. Skjåk Almenning leiger også ut 18 uliker hytter som ligg gunstig til for fiske. Fleire av dei med tilgang til båt og garn.
Fiskekort løyser du enklast sjølv via Inatur. Dette kortet gjeld for heile Skjåk kommune og du kan da fiske i meir enn 230 vatn og 25 mil med elv. Sjå kart over området her. Du kan også løyse fiskekort på desse utsalsplassane i Skjåk kommune (innanbygds må handle hjå ein av desse for å få redusert pris):
Administrasjonsbygget til Skjåk Almenning i Bismo
Rusten Sport (kjøpesenteret)
Yx Skjåk
Sota Sæter DNT
Gjeilo Camping
Grotli Høgfjellshotel
Polfoss Gjestehus
Dønfoss Camping
Coop Prix Bruvoll
Lien sykkel og sport
Øybergsetra
Skjåk Hytteservice
I brosjyren På fisketur i Skjåk finn du beskrivinga av 36 fisketurar i Skjåk. På denne sida kan du finne nærare omtale av stiar og vegval.