Familiefiske

Foto: Cathrine Dokken / Nasjonalparkriket Reiseliv.

Foto: Cathrine Dokken / Nasjonalparkriket Reiseliv.

Dersom det å få fisk er viktigare enn størrelsen, har vi fleire område der det er ekstra gode sjansar for å få fisk på kroken. For dei minste er elva Framuste frå Lomstilla (Langstilla på kartet) og vidare oppover eit fint alternativ – også i halvdårleg vær sidan det ligg nokså skjerma frå vær og vind. Det er jamt over lite vassføring i elva, og ho renn ganske roleg. Det er gapahuk og bålplass ved innkøyringa til Framrustsætrene, eventuelt på Pollodden som ikkje blir så langt unna. Vi anbefaler mark og dupp/søkke i Framruste, eventuelt lette spinnarar/slukar sidan det er grunt mange plassar.

Otta elv oppover frå Billingen/Åsen sæter består av mange fine små fløymer og større vatn innimellom. Det er lett åtkomst frå riksveg 15.

Glåmbakktjønn er to små tjønner som ligg like ved riksveg 15, ca. 2 km søraust for Grotli Høgfjellshotell. Her er det mykje småfisk og gode sjansar for å få napp også for dei minste.

Elles er det ein fin tur å gå ned til Grotlivatnet (1,3 km), her er det både båt til utlån og gapahuk med bålplass.

Det er også gapahuk med bålplass ved Pollodden, Langodden ved Liavatnet og på sørsida av Breidalsvatnet (1,4 km å gå).

Fiskecamp i Breheimen

Kvart år arrangerar vi FISKECAMP for dei mellom 10-15 år i juli månad. I 2018 blir det fiskecamp 3-5. juli i Breheimen. Påmeldingsfrist 29. juni.