Hilde Hauge Flatmo
Hilde starta i Skjåk Almenning 5. januar 2026. Når du tek kontakt med oss, er det som oftast Hilde som er første kontaktpunkt. Hennar hovudoppgåver er kundemottak og sentralbord. I tillegg vil ho selje jaktkort, fiskekort, kart med meir, og arbeide med saker knytte til fester og festekontraktar.
Hilde har bachelorgrad med fagkombinasjonen økonomi, engelsk og tysk frå BI/Universitetet i Oslo, og har hovudsakleg arbeidd innan rekneskap og økonomi. Ho kjem frå Lillehammer og flytta til Skjåk i 1998. Hilde er glad i å vere ute i naturen, gjerne saman med ein firbeint ven.
Telefon: 61 21 39 00
E-post: hilde@skjak-almenning.no