Kvar drøymer du om å gå?
17 unike fjellhytter i Reinheimen og Breheimen Nasjonalpark – eit alternativ for deg som søkjer stillheit og ro, overnatting i fantastiske omgjevnadar og samstundes ha alt dette for deg sjølv! Her fins store samanhengande villmarksområde med lite besøkte 2000 meters toppar og blinkande fiskevatn i synsranda. Ta med deg familie, vennene dine eller kjærasten – gå (topp)tur eller berre nyt utsikten over dei mektige fjellområda i Breheimen og Reinheimen frå hytteveggen. Turterreng og alternativ for alle, garantert køfritt! Hyttene ligg også glimrande til for “å gå frå hytte til hytte”.
Ein treng eigentleg ikkje så mykje for å ha det bra i fjellet, men ei lita hytte å koma fram til er uansett godt, dersom vinden er stri eller nedbøren har gjort deg kald etter ein lang dag ute. På hyttene våre er det det ein treng, verken meir eller mindre – berre hugs å ta med sovepose og mat, så har du din eigen «heim» i fjellet.
Omsyn til villreinen
Frå og med 2025 blir alle hyttene våre i høgfjellet til å vere heilt stengde i perioden 1. desember til 15. februar av omsyn til ulikt artsmangfald med ynskje om redusert ferdsel i ei sårbar tid. Aursjohytta og hytter nær veg er opne i denne perioden.
I perioden 15. februar -15.juni kan ein ta kontakt med oss for leige. Vi vil da vurdere kvart enkelt tilfelle ut i frå ulike omsyn ein må ta. Den som ynskjer å leige hytte må vere førebudd på at bestilling av hytte blir kansellert/endra på stutt varsel dersom det blant anna er villrein i område. Dette forbeholdet vil gjelde utan unntak og er noko kunden må ta høgde for. I slike tilfelle prøver vi å finne alternativ dersom det er ynskt. Betaling og henting av nøkler må skje på Skjåk Almenning.
Frå 15.juni er oversikten over hytter som er opne og stengt oppdatert på Inatur som ordinært.
Booking gjer du enklast sjølv ved å gå inn på Inatur. Her finn du også informasjon om dei ulike hyttene. Ta gjerne kontakt med oss i Skjåk Almenning dersom du lurar på noko!