På tur i Breheimen

Sottjønn Tverrådalskyrkja tundradalskykjea.jpg

Har du fyst besøkt Breheimen ein gong vil du mest sannsynleg lengte tilbake! Her er det dei store isbreane, dei vakre dalane med smaragdgrøne elver og vatn mellom høge fjell som rår landskapet. På hyttene til Skjåk Almenning i Breheimen kjem du unna både folk og støy – men kanskje blir du vekt av ein villreinflokk på trekk forbi hytteglaset om morgonen?

Hyttene vart i si tid plassert med tanke på jakt og tilsyn med husdyr. Dei vert framleis brukt til dette, men nå kan også alle andre får glede av å låne dei både sommar og vinter og få oppleva naturrikdomen i Breheimen.

Med utgangspunkt i hyttene våre kan ein legge opp til korte og lange turar i Breheimen etter form, føreforhold og ynskje. Ein kan faktisk gå heile Breheimen på langs frå hytte til hytte, ein svært krevjande tur som er mest aktuell i juli og august – då er også fisket best i Breheimen.

Dersom du er glad i ski og toppturar er det beste utgangspunktet å starte ved Sota Sæter – og bruke Sottjønnbu, Grønstorrbu og/eller Sauhytta som base for topptur til Tverrådalskyrkja, Holåtindane, Hestdalshøgdi, eller Hestbreapiggane. Her kan du bestige toppar over 2000 meter eller bruke dei oppkøyrde løypene inn til Mysubytta. Valmoglegheitene er der! Skiføret i Breheimen varar som oftast langt ut i mai månad.

 
Kubesøk ved Glitterbue.JPG

Glitterbue

I Breheimen nasjonalpark.

Raudalsbue (2).JPG

Raudalsbu

I hjartet av Breheimen nasjonalpark.

Grønstorrbu Reinsjakt.jpg

Grønstorrbu

I Breheimen nasjonalpark.

lundadalen_sauhytta.jpg

Sauhytta

I Breheimen nasjonalpark.

Skåk_Foto_BjørnarHansen-1499.jpg

Liabu

Ved inngangen til Breheimen nasjonalpark.

Sottjønnbue (1).JPG

Sottjønnbu

I Breheimen nasjonalpark.