Sauhytta

Ligg vakkert til ved elva Skjøle i Lundadalen i Breheimen nasjonalpark. 1141 moh og ca.2,5-3 t. gange frå Lundadalssætra. Aktuell for topptur til Hestbrepiggane og Holåtindane. Fiske i elva Skjøle og Lundadalsvatnet.

Sauhytta sommar

Køyr Rv 15 frå Bismo og austover til skilt mot Lundagrende. Sving til venstre mot Lundadalen etter 2,1 km, Fylg denne vegen 6,6 km til parkering ved setra. Balingsbomveg. Fylg merka DNT stig til Trulsbu, ein kryssar elva på heilårsbru to stader før ein kjem til Yste Lundadalssætre. Fortsett vidare innover dalen på nordvestsida av elva. DNT stigen går like forbi Sauhytta, etter ca 9 km er du framme.

Sauhytta vinter

Vegen innover til setra er ikkje vinterbrøyta, ta kontakt med oss for snøtilhøve det enkelte år. Ein må rekne med at turen blir ein god del lengre vinterstid. Eit alternativ kan vere å starte frå Kvandalsvoll i Lom, via Netosæter, over Heksete/Storberka til Sauhytta - også ein fin tur på fjellski.

GPS koordinatar; UTM32 Euref89: Nord 6850270 Øst 453273

Om området

Fin familietur til hytta sidan det er fin stig og ikkje altfor mykje stigning innover. Passar også som mellomstasjon til DNT hytta Trulsbu for å gjere etappane til Nørdstedalseter meir familievenlege.

Fisking
Fine fiskeplassar med bra fisk fleire stader i elva Skjøle når denne ikkje er flaumstor. Vidare ca. 3 km innover kjem ein til Lundadalsvatnet med bra fiske i osen på Lundadalsvatnet. Ny bru oppsett hausten 2016 gjer det enkelt å fiske frå begge sider av elva ved osen.

Topptur
Sauhytta er eit godt utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter, til mellom anna den høgste toppen i Skjåk; høgste Hestbrepiggen på 2172 moh. Her er det fleire 2000-topper i Hestbrepiggane som kan nåast på ein dagstur frå Sauhytta. Det er også mogleg å nå Holåtindane eller Hestdalshøgde på dagstur frå Sauhytta.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 9 km.
Avstand frå veg vinter: 15–19 km.
Stigning: 371 høgdemeter (sommar).
Senger og utstyr til: 4–5 personer.
Antall rom: 1.
Areal: 21 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i elva like ved hytta.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.