Liabu

Liabu ligg ved Liavatnet, ca 2 km nord for DNT hytta Sota Sæter. Området byr på mykje spennande turterreng sommar og vinter. Flott utgangspunkt for toppturar, jakt og fiske i Breheimen.

Til Liabu

Ta av Riksveg 15 ved Dønfoss, og fylg skilting mot Sota Sæter i 26,8 km. Betalingsbomveg frå Bråtå mot Sota Sæter. Hytta ligg på høgre sida av vegen, parkeringsplass like utanfor hytta. Det er sett opp skilt med «Liabu – Skjåk Almenning». Sota Sæter ligg 2,2 km lenger innover. Vinterbrøyta veg så ein kjem heilt fram til hytta også på vinteren.

 

UTM 32 Euref 89: Nord 6855297 Aust 433141

Om området

Lett tilgjengeleg med bilveg heilt fram om sommaren. Liabu er berre 15m2 stor, så den høver best for dei som er godt kjent - eller gjerne vil bli betre kjent med kvarandre. 

Hytta ligg i eit glissent hyttefelt like ved vegen til Sota Sæter, inngangsporten til Breheimen nasjonalpark. Det er ei lun skogli der hytta ligg - men høgfjellet er ikkje langt unna, og det er perfekt dersom været er litt vekslande. Du kjem uansett til å finne turmoglegheiter som passar etter både vær, føre og form med Liabu som utgangspunkt!

Fiske
Ein kan leige båt og garn for å fiske i Liavatnet (kontakt oss for meir informasjon). Elles er det mange fiskemoglegheiter i dagsturavstand frå hytta, både vatn og elv. Sottjønnen, Syrtbyttdalen, Mysubyttdalen og området Sekken – Søverdalen for å nemne nokre alternativ.

Tur
Det er fleire mil med merka turstigar i området, bratte turar til Sekken eller opp Kleivberget – eller slakare terreng til Mysubytta eller Puttberget. I tillegg har ein stignettet til DNT med turar både til Nørdstedalseter, Slæom og Sprongdalshytta. Det er også fint å sykle etter setervegen inn til Mysubytta. Du kan leige både sykkel og kano på DNT hytta Sota Sæter

Om vinteren finn du over 20 km med oppkøyrde skiløyper, og om du vil på topptur, er Tverrådalskyrkja (2089 moh) eit naturleg høgdepunkt både sommar og vinter!

Les meir om turmoglegheiter på ut.no og outtt.com.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 0 km.
Avstand frå veg vinter: 0 km.
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1 + gang.
Areal: 15 m2.
Oppvarming: Vedomn og panelomn.
Elektrisitet: Ja.
Toalett: Biodo i hytta.
Vatn: Må hentas i vasspost like ved hytta.
Kokemoglegheiter: Elektrisk kokeplate.
Kjøleskåp: Ja.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.