Glitterbue

Glitterbue ligg 1200 moh ved Glittervatnet i Breheimen. Ca 1–1,5 t lett gåtur frå bilveg (sommar). Flott familievenleg område med gode fiskemoglegheiter og flott utsikt mot Skridulaupen i vest og Reinheimen i nord og aust.

GLITTERBUE SOMMAR

Køyr av Rv.15 aust for Pollfoss Gjestehus mot Framruste. Til høgre etter 650 m mot Botn sæter. Merka stig frå sætra på nordsida av elva Glitra heilt fram til hytta. 461 høgdemeter stigning, men lettgått og fin stig, gjer at turen er mogleg å gjennomføre for dei fleste.

GLITTERBUE VINTER

Hytta er ikkje vinterisolert, og derfor stengt fram til mars månad, men dersom det ikkje er altfor kaldt er det fint å vere der frå mars og utover. Om vinteren er det ikkje brøyta lengre innover enn til krysset inn til Botn Sæter, men det er oppkøyrde skiløyper frå parkeringsplassen til Botn Sæter. Frå der må ein gå i terrenget. Tidsbruk avhengig av føre. Alternativ rute frå Grotli, via Heillstuguvassosen, Huguvardtjønnen og fram til hytta. Lengre å gå men mindre stigning, samt at det det som oftast er finare føre frå den kanten. Spør oss gjerne om føre og tips før du reiser.

GPS koordinatar; UTM32 Euref89: Nord 6870173 Aust 436148 Kart M711-serien 1518IV Pollfoss

OM OMRÅDET

Glitterbue ligg på kanten ut mot Billingsdalen, og gjev fantastisk utsikt over Reinheimen i nord og aust, Breheimen i sør, og fjellet Skridulaupen i vest. Hytta er eit fint utgangspunkt for vårskiturar til Skridulaupen. Fint fjellskiterreng.

Fisking
Ved Glittervatnet har vi naust og båt med garn til utleige. Elles er det fint å fiske i Blankåtjønnen, 3-4 km frå hytta.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 3 km.
Avstand frå veg vinter: 8 km.
Stigning: 461 høgdemeter (sommar).
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1 opphaldsrom + gang.
Areal: 24 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i Glittervatnet, ca. 500 m frå hytta.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.