Fiskekort og fiskeregler i Skjåk almenning

  • Alle under 20 år kan fiske gratis med stong og handsnøre. Dette vart innført frå og med 2013 og gjeld både innan- og utanbygds.
  • Den som er under 20 år pliktar å syne fram legitimasjon med bilde som kan stadfeste alderen.
  • Alle andre må løyse fiskekort for den type reiskap dei ynskjer å bruke, om det er stong, oter og/eller garn.
  • Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren. 
  • Fiskekortet gjeld alle vatn og vassdrag innanfor Skjåk kommune sine grenser.
  • Sesongen varar frå isen reiser om våren, til isen legg seg på hausten. Det er også lov med isfiske, men då må ein løyse fiskekort (for stongfiske utanbygds).
  • Vi ynskjer ikkje ørekyte eller andre nye artar i vassdraga våre, derfor er all bruk av død og levande fisk som agn forbode.
  • Nokre område kan ha spesielle reglar i høve fangstavgrensing, sjå komplette reglar for fiske under

Fiskereglar 2018 oppdatert juli

Bruk av båtmotor

I Skjåk kommune kan det berre brukas båtmotor med inntil 10 hk på fylgjande vatn: Grønvatnet, Breidalsvatnet, Kolbeinsvatnet, Aursjoen, Raudalsvatnet, Liavatnet, Lundadalsvatnet, Torsvatn, Leirungsvatnet og den delen av Skim som ligg i Skjåk.

Ved bruk av motor på Lundadalsvatnet, Torsvatnet, Leirungsvatnet og delar av Skim som ligg i verneområde, må ein søkje vernemyndigheitene om særskild løyve, god tid i førevegen.

Korttyper og prisar for utanbygds

Stang/oter Stang/garn
Ett døgn Kr 100 Kr 125
Tre døgn Kr 250 Kr 275
Ei veke Kr 350 Kr 450
Sesong Kr 500 Kr 650

For innanbygds kostar sesongkort som inkluderar alle typar reiskap kr 150,- for enkeltkort, og kr 200,- for familekort. Familiekortet gjeld ektefelle/sambuar og deira born ut det kalenderåret dei fyller 20 år.

Kortsal

Skjåk Almenning sitt administrasjonsbygg i Bismo (åpningstid kl. 08.00–15.30 på kvardagar).
Elles får du kjøpt fiskekort på Inatur, og dei fleste campingplassar og andre service- og reiselivsbedrifter i Skjåk.