Otta elv i Skjåk

Skjåk_Ottal_Foto_BjørnarHansen-0652.jpg

Otta elv er hovudvassdraget i Skjåk, og har sitt utspring lengst vest i Skjåk, ved Djupvatnet langs Geirangervegen. Elva fylgjer deg i over 70 km gjennom hele Skjåk langs riksveg 15 til Skim i Lom, og byr på mange moglegheiter for fiske med lett tilkomst for alle.

Nedbørsfeltet er dobbelt så stort som Gudbrandsdalslågen sitt, slik at vasstanden kan endre seg kraftig på kort tid. Breslam frå dei store isbreane i Breheimen nasjonalpark fargar vatnet turkis under varme periodar på sommaren.

I vassdraget finner du både stor ørret og harr, men harren går sjeldan forbi Ofossen. Det er lettast å få stor fisk tidlig på året i april og mai, og ved Marlo når storørreten går på gytevandring oppover elva om hausten frå Vågåvatnet og Skim. Det kan også være godt fiske midt på sommaren ved låg vassføring. Harr over 40 cm er ikkje uvanleg i nedre delar av Otta mot Skim. Auren kan også vekse seg stor, og kvart år blir det teke aure på både 2 og 3 kg i elva.

Elva egner seg for stongfiske med sluk, spinner, fluge og mark. Gode fiskeplassar i Otta elva nedanfor Dønfoss, med størst sjanse for å få stor fisk er Søtilhølen ved Nordberg kyrke, Bokkodden, Harsheimhølen (tidlegare kjent som den beste fiskeplassen i elva), Bismo, Ofossen og Marlo.

Flugefiske i Otta elva

For flugefiskeentusiasten er det Otta elv som er mest aktuell i Skjåk. Aller best er det på våren før den store snøsmeltinga i fjellet startar, eller utover seinsommaren når vasstanden går ned igjen. Heile vegen frå Skim til Pollfoss er elva lett tilgjengeleg frå riksveg 15, og det er fleire fine strekningar, særleg området ved Marlo egnar seg bra, og området ved Pollodden. Ved Pollodden og Pollvatnet er det mykje fin grusbotn og det går fint å vade ut i elva når denne ikkje er for stor.

Miditberget i Ofossen egner seg godt for flugefiske, og det same gjeld ovanfor fossen der vatnet renn rolegare.