Tverråhytta

Tverråhytta ligg 1040 moh i Reinheimen Nasjonalpark ca 2,5-3 t gange frå Billingen. Passar bra for familiefisketur, eventuelt kombiner med Storvassbu og Skarvedalshytta for ein lengre rundtur i Reinheimen.

Til Tverråhytta

Rv.15 til Billingen,opp sætervegen til parkering.DNT-stig på vestsida av Tora til Tverråe og over elva på sommarbru. Hytta ligg like ved DNT stigen til Torsbu. Vinterstid er det stikka løype som går frå Billingen til DNT hyttene Veltdalshytta og Torsbu, løypa blir stikka like før påske.

Kart og GPS
Skjåk Turkart dekker heile Skjåk i målestokk 1:60 000, eventuelt M711-serien 1319 II Torsvatnet.

Koordinat: UTM 32 Euref 89: Nord 6888948 Øst 447034

Om området

Tordalen ligg nord i Skjåk Almenning i Reinheimen Nasjonalpark. Tordalen er ein av innfallsportane til Tafjordfjella.

Tverråhytta eignar seg godt som mellomstasjon på tur til DNT hyttene Veltdalshytta og/eller Torsbu.

I Tordalen renn den glassklare elva Tora – her er det mykje småfisk, men fisken blir større dess lenger inn ein kjem i dalen. Frå hytta har ein fantastisk utsikt over Tordalen og fjelltoppane Torsnose og Naushornet.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 10 km.
Avstand frå veg vinter: 10 km.
Stigning: Ca. 200 høgdemeter.
Senger og utstyr til: 4–5 personer.
Antall rom: 1.
Areal: 20 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i elva Tora 50 m aust for hytta.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.