Storvassbu

Storvassbu ligg 1525 moh midt i hjartet av Reinheimen nasjonalpark i eit av dei mest øydeliggjande høgfjellsområda i Sør-Norge. Ca 6-8 t. gange frå Billingen. Eit av våre beste område for fiske!

Til Storvassbu

Alternativ 1: Rv. 15 til Billingen, opp sætervegen til parkering. DNT-stig på vestsida av Tora til Tverråe, forbi Tverråhytta og opp til osen av Torsvatnet. Ny elvekryssing over lita bru i osen av Torsvatnet. Frå her er det ingen stig, gå austover i terrenget langs Sponga forbi Dørvatnet og så nordaust til Storvassbu.

Alternativ 2: Parker bilen som alt. 1. Gå bru over elva Tora. Merka stig opp til Føyssteinen, vidare umerka stig på vestsida av Føysa innover til bekken som kjem frå Langvatnet. Frå her er det ingen stig. Gå vidare i terrenget mot Skarvedalshytta, og sving nordover på vestsida av Blåbergtjønne, gjennom Dør og vidare på austsida av Dørtjønn. Gå mellom Dørvatnet og Austre Dørtjønne fram til Storvassbu.

Kart og GPS
Merk at det er naudsynt med kart/kompass eller GPS på denne turen då det er lite stiar i dette området. Skjåk Turkart dekker heile Skjåk i målestokk 1:60 000, eventuelt M711-serien 1319 II Torsvatnet.

Koordinat: UTM 32 Euref 89: Nord 6888948 Øst 447034

Om området

Ligg nordaust i Skjåk Almenning på grensa til Lesja i Reinheimen. Kjem du deg inn hit er du i eit av dei mest ødeliggjande områda i Sør-Norge. Ynskjer du ein villmarkstur i ekte høgfjellsterreng er dette staden for deg! Det er langt å gå, og høvesvis lettgått høgfjellsterreng – men ein del stein.

Fisking
Flott fiske- og turområde med mange moglegheiter for kortare og lengre fisketurar med Storvassbu som utgangspunkt. Skjåk Almenning har båt og garn til utleige. Beste fisketid er frå slutten av juli (når isen vanlegvis går) og utover august. 

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 22 km.
Avstand frå veg vinter: 22 km.
Stigning: 715 høgdemeter.
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1 + gang.
Areal: 20 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i bekk like ved hytta eller lite vatn 350 m søraust.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.