Skarvedalshytta

Ligg 1479 moh i Skarvedalen i Reinheimen nasjonalpark. Ca 4–5 t frå Billingen. Gode fiskemoglegheiter. Fint område for turar heile året. Fint utgangspunkt for topptur til den høgste fjelltoppen i Reinheimen, Gråhøe 2014 moh.

Til Skarvedalshytta

Køyr Rv.15 til Billingen, opp sætervegen til parkering. Gå bru over elva Tora. Merka stig opp til Føyssteinen, vidare umerka, men tydeleg stig på vestsida av Føysa innover til bekken som kjem frå Langvatnet. Frå her er det ingen stig. Gå nordaust i terrenget, etter kvart meir austleg retning mot Skarvedalshytta. Vinterparkering ved Billingen Seterpensjonat eller ved setervegen. Gå opp på austsida av Føysa.

Kart og GPS

Merk at det er naudsynt med kart/kompass eller GPS på denne turen. Skjåk Turkart dekker heile Skjåk i målestokk 1:60 000, eventuelt M711-serien 1319 II Torsvatnet.

Koordinat: UTM 32 Euref 89: Nord 6881712 Aust 447555

Om området

Turen til Skarvedalshytta er forholdsvis krevjande. Fleire av bekkane kan vere utfordrande å krysse tørrskodd i den verste snøsmeltinga. Her inne er ein i skikkeleg høgfjellsterreng og det er generelt liten trafikk i dette området. Terrenget er krevjande å orientere seg i både sommar og vinter.

Fisking
Det er svært fin fisk i fleire vatn og elver i 0,5–3 km radius frå hytta. Skarvedalshytta er såleis eit godt utgangspunkt for fisketurar. Isen reiser vanlegvis i juli/august.

Tur
Skarvedalshytta er eit flott utgangspunkt for toppturar til mellom anna Skarvedalseggje, Blåhøe og Store Gråhøe 2014 moh, den høgste fjelltoppen i Reinheimen nasjonalpark. Frå Store Gråhøe har du utsikt både til toppar i Jotunheimen, Breheimen, Jostedalsbreen, Tafjordfjella, Romsdalsalpene, Dovrefjell og Rondane! Det er også fint å ta ein rundtur ei langhelg frå hytte til hytte i Reineheimen med utgangspunkt frå Billingen – til dømes via Tverråhytta, Storvassbu og Skavedalshytta. 

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 10 km.
Avstand frå veg vinter: 10 km.
Stigning: Ca. 700 høgdemeter.
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1 + gang.
Areal: 20 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i bekk like ved hytta eller lite vatn 350 m søraust.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.