Småviltjakt 2023

Som vi alle veit er det klare utfordringar med utviklinga i rypebestanden i det ganske land. Særleg dei siste 5 åra har det vore ei urovekkjande utvikling også i Skjåk. Dette resulterte til at vi freda rypa for jakt og fangst i 2022.

Med bakgrunn i den negative utviklinga er vi nøydd til å prioritere i enda større grad når det gjeld kortsal og tilbod. For 2023 legg vi derfor i fyrste omgang ut eit utval av jaktpakker på inatur og individuelle kort til hytteeigarar i almenninga. Dersom produksjonen viser seg å vera bra vil det kunne medføre at vi legg ut fleire tilbod for direktekjøp på inatur.

Dersom takseringa i august viser eit dårleg resultat med produksjon på mindre enn 2,5 kyllingar pr. par, må ein førebu seg på at jakta blir avlyst. I så måte blir jaktkort refundert eks. utgifter med gebyr/provisjon. 

Til sida for meir informasjon og søking

Birgit Bilstad