Småviltjakt

Foto: Karl Gustav Indreeide

Foto: Karl Gustav Indreeide

Jaktsesongen 2026/2027

Takseringsgruppa utfører årleg taksering av rypebestanden i Skjåk Almenning i august. Vedtak om jakt eller stenging blir gjort etter takseringsresultat.

Dei siste 3 sesongane har har rypa vore freda i Skjåk Almenning. Årets taksering viser ein kyllingproduksjon på 3,2 pr. par og 3,3 fuglar pr. km. Dette er det beste resultatet sidan 2018. Resultatet samsvarer bra med andre observasjonar som blir gjort med at det er relativ lav tettleik, men høveleg god produksjon.

I jaktsamanheng skal ein som vi alle kjenner til, ha eit haustbart overskot av arten før ein opnar for jakt. Låg reproduksjon gjev høgare risiko for at jakt vil redusere delen av stamdyr.

For rypebestanden sin del, er kyllingproduksjon ein viktig indikator for å definere det haustbare overskotet. Produksjon under 2,5 kyllingar pr. par blir gjerne definert som raud (ikkje haustbart overskot).

For sesongen 2026/2027 er det vedteke å opne for eit avgrensa sal av jaktkort på rype. Det blir derfor opna for at innanbygdsbuande i Skjåk som er folkeregistrert 2690 eller 2693, kan løyse jaktkort.

Jaktstart: 15.september.

Kvoteavgrensing: 1 stk rype pr. dag og maksimalt 3 stk. på sesongen.

Vi kjem attende med meir spesifikk informasjon for organisering av rypejaktjakt etter 31.12.

Orrfugljakt: Innanbygds kan også jakte orrfugl i perioden 10.9-23.12 og felle inntil 2 stk.

Innanbygds får kjøpe jaktkort ved å kome innom kontoret. Kortsalet er delt på halvsesongkort, sesongkort og smårovviltkort.

Jaktreglar finn du ved å klikke deg inn på denne lenka

 

Rypejakt utan hund

I Skjåk Almenning har vi mykje fjell og vidde, og over 93 % av arealet vårt ligg over skoggrensa. Vi har derfor mykje terreng å utforske for den som har lyst til å jakte fjellrype og hare i høgfjellet!

I Breheimen er det delvis «bratt til gards», men utsikten er også deretter, her kan du jakte rype og hare mellom 2000 meters toppar og store isbrear! Det fins også snillare terreng i Breheimen, slik som Tundradalen, Glittervatnet og området sør og vest for Grotli. 

I Reinheimen er terrenget litt slakare, og er du glad i dei store fjellviddene er dette området for deg.

Rypejakt utan hund startar 15. september i Skjåk Almenning.

Rypejakt med hund

For dei som vil jakte rype med hund, har vi også brukbare terreng, men fjellbjørkebeltet og gode lirypebiotopar er naturleg avgrensa av terrengforhold og lite nedbør.

Alle som jaktar med hund på framvise gyldig bevis for sauedressur. Det er beitedyr i dei aller fleste områda. 

Rypejakt med hund startar 15. september i Skjåk Almenning.

 
 

Harejakt med hund

Harejakt med «løs på drevet halsende hund» er tillatt frå 10. oktober og ut februar månad. Ingen feltinndeling. Fritt kortsal på Inatur

Smårovviltkort

Alle kan kjøpe sesongkort for jakt og fangst på smårovvilt. Sesongkortet gjeld for jaktåret og kan kjøpas på Inatur.

Det er skotpremieordning på ulike artar som du kan lese meir om under siden “rovviltjakt”.