225-årsjubileum🎇

225 år! 🎈✨

Skjåk Almenning markerer i år 225-årsjubileum. I samband med dette blir det ei open markering laurdag 10.juni. Kl. 10 og 11 denne dagen blir det omvising på sagbruket og biovarmeanlegget. Frå kl. 13 blir det eit større arrangement i og rundt Dønfoss Grendahus. Her blir det ulike aktivitetar og matservering for store og små! 👨‍👩‍👧‍👦 Eit heilskapleg program blir publisert når det grafiske arbeidet er ferdig.

I samband med jubileet vil vi også publisere nokre innlegg som fortel meir om Skjåk Almenning. Slik sett er det naturleg å byrje med den grunnleggjande historikken som er særs lang og rik. Opphaveleg var alle allmenningane kongeleg eigd. Bruken av dei har faktisk vore regulert med lov sidan rundt år 1000 e.Kr. Etter kvart såg kongen seg nøydd til å selje eigedom for å styrke finansane sine. På denne måten oppstod det både private allmenningar og statsallmenningar. Skjåk Almenning er eit slikt tilfelle.

Eigedommen vart fyrst kjøpt i 1725 av Johan Joakim Loenicher og kom deretter på sal fleire gongar. Fyrst 25.januar 1798 vart det lokalt eigarskap da samtlege matrikulerte gardsbruk i Skjåk gjekk saman om kjøpet. Dette fann stad på Anvord i Lom og kjøpesummen var 2.500 riksdalar. Kjøpet og eigarforhold mellom gardsbruka vart utlikna i såkalla huder og skinn der 1 hud utgjer 12 skinn. Eigarstrukturen er den same i dag, sjølv 225 år etter! Derav uttrykket «I takksemd til dei framsynte menn som kjøpte Skjåk Almenning 1798».

Skjåk Almenning har hatt ei særs sentral rolle i Skjåksamfunnet da eigedommen utgjer 95 % av kommunen og er Noregs største privateigde eigedom. Visjonen; «Til det beste for landbruket og til glede for alle» ligg til grunn i den daglege verksemda. 😊

Birgit Bilstad