Fjellhytter nær veg

Skåk_Foto_BjørnarHansen-2270.jpg

Lange fjellturar passar ikkje for alle, men ein kan likevel sette pris på ein fjelltur og opphald på ein av fjellhyttene våre som ligg like inntil veg.

Både Aursjobu, Aursjohytta og Legerhytta ligg på snaufjellet med fantastisk utsikt over fjell og vidder. Med desse hyttene som base kan ein ta korte eller lengre dagsturar, med eller utan fiskestong.

Om du føretrekk eit litt lunare alternativ i skogen nede i dalbotn, er Heggeåsagje eller Liabu gode alternativ. Det er ikkje vinterbrøytt til Aursjohytta og Aursjobu, så her må ein rekne med å gå nokre kilometer på ski/trug til vegen opnar i mai.

Skåk_Foto_BjørnarHansen-2260.jpg

Aursjobu

Ved Reinheimen nasjonalpark.

Skåk_Foto_BjørnarHansen-2273.jpg

Aursjohytta

Fantastisk utsikt over Skjåkbygda og Breheimen nasjonalpark.

Skåk_Foto_BjørnarHansen-1513.jpg

Heggebotthytta

Ved Heggebottvatnet langs rv. 15.

 
Skjaak_Foto_CoreCom-10.jpg

Legerhytta

Mellom aust og vest langs rv. 15.

Liabu

Ved inngangen til Breheimen nasjonalpark.