Aursjohytta

Aursjohytta er ei stor familiehytte med 16 sengeplassar som ligg ca 1100 moh. ved vegen opp til Aursjoen. Fantastisk utsikt over Skjåkbygda og Breheimen nasjonalpark i sør. Fint utgangspunkt for jakt og fisketurar i Reinheimen. Nyrenovert i 2018.

AURSJohytta SOMMAR

Litt vest for Bismo tek ein av på Fylkesveg 485 mot Jøingsli. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo, det er skilta mot Aursjoen. Køyr ca 7,5 km nesten til toppen, hytta ligg i ein skarp venstresving like ved vegen.

AURSJOhytta VINTER

Vegen til Aursjoen er vinterstengt, men den kan vere ope 0-3 km avhengig av snø/føretilhøva. Som oftast skuterløype opp Aursjovegen frå februar månad - ta kontakt med oss om føreforhold dei enkelte år.

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

Kartref.M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I UTM 32 Euref 89:Nord 6866126 Aust 0459818

OM OMRÅDET

Lett tilgjengeleg med bilveg heilt fram om sommaren. Flott utsikt mot Skjåk og Breheimen nasjonalpark.

Fint utgangspunkt for fiske og turar innover Reinheimen og Aursjofjellet i eit lettgått terreng. Vi har båt til utleige på Aursjoen, her er det fint å dorge eller fiske med oter eller garn. Det er lovleg med bruk av motor inntil 9,9 hk (motor må ein ta med sjølv).

Aurjohytta er eit fint utgangspunkt for dagsturar til fleire fine fiskevatn i området, samt fotturar innover Ottadalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark. Det er merka fleire turstigar i området med utgangspunkt like ved hytta.

Få med deg hefte «På tur i Skjåk» og «På kulturminnetur i Skjåk» med kart og turskildringar - eller last ned turappen Outtt.com og søk på Skjåk.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 0 km.
Avstand frå veg vinter: Ca. 7 km.
Senger og utstyr til: 7 soverom og 16 sengeplassar.
Antall rom: 12.
Areal: ca 158 m2.
Oppvarming: Vedomn og panelomn.
Elektrisitet: Ja.
Toalett: Vakumtoalett inne.
Vatn: Innlagt vatn. Stort bad med dusj. 
Kokemoglegheiter: Komfyr med 4 kokeplater og steikeovn.
Kjøleskåp og oppvaskmaskin: Ja.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr. 

Anna: Stor stue med langbord og stolar, sofa med stoler i andre enden. Uthus med utemøblar til sommarbruk.