Aursjobu

Aursjobu ligg 1140 moh. ved innsjøen Aursjoen. Fantastisk utsikt innover Reinheimen nasjonalpark i nord og Breheimen nasjonalpark i sør. Fint utgangspunkt for jakt og fisketurar i Reinheimen.

AURSJOBU SOMMAR

Litt vest for Bismo tek ein av på Fylkesveg 485 mot Jøingsli. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo, det er skilta mot Aursjoen. Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen og parkeringsplassen.

AURSJOBU VINTER

Vegen til Aursjoen er vinterstengt, men den kan vere ope 0-3 km avhengig av snø/føretilhøva. Som oftast skuterløype opp Aursjovegen frå februar månad.

Kartref. M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I UTM 32 Euref 89:Nord 6866126 Aust 0459818

OM OMRÅDET

Lett tilgjengeleg med bilveg heilt fram om sommaren. Flott utsikt både mot Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar.

Fint utgangspunkt for fiske og turar innover fjellet i eit lettgått terreng. Vi har båt til utleige på Aursjoen, her er det fint å dorge eller fiske med oter eller garn. Det er lovleg med bruk av motor inntil 9,9 hk (motor må ein ta med sjølv).

Aurjobu er eit fint utgangspunkt for dagsturar til fleire fine fiskevatn i området, samt fotturar innover Ottadalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark. Det er merka fleire turstigar i området med utgangspunkt like ved hytta.

Få med deg hefte «På tur i Skjåk» og «På kulturminnetur i Skjåk» med kart og turskildringar - eller last ned turappen Outtt.com og søk på Skjåk.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 0 km.
Avstand frå veg vinter: Ca. 6 km.
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1 + gang.
Areal: 21 m2.
Oppvarming: Vedomn og panelomn.
Elektrisitet: Ja.
Toalett: Utedo.
Vatn: Må hentast i Aursjoen.
Kokemoglegheiter: Elektrisk kokeplate.
Kjøleskåp: Ja.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.