Sotvegen stengt i periodar i tidsrommet 30. juni - 2. juli
Styret i Sameiget Sotvegen ynskjer å informere om at det blir naudsynt å stenge Sotvegen på strekninga Dyringsbrue – vinterparkering Sota Sæter i fylgjande tidsrom i veke 27;
Tysdag 30. juni;
Vegen er OPEN frå 12:00 – 20:00. Vegen vil vere stengt frå 20:00-12:00 dagen etter.
Onsdag 1. juli;
Vegen er OPEN frå 12:00 – 20:00. Vegen vil vere stengt frå 20:00-12:00 dagen etter.
Torsdag 2. juli;
Vegen er OPEN frå 12:00 – 20:00. Vegen vil vere stengt frå 20:00-12:00 dagen etter om naudsynt.
Det blir skifting av stikkrenner i tidsrommet 07:00-12:00 desse dagane.
På kveld og natt blir det skifting av masser og legging av fiberduk frå Stallen til vinterparkering – samt mykje lastebiltrafikk på vegstrekninga frå Dyringsbrue og innover.