Fiskesesong 2026

Til den som stundar på fiskesesongen til fjells: I år blir det tidleg Dei aller fleste vatna rundt om i Skjåk Almenning er alt isfrie, eller blir det i nær framtid. Bildet viser tjønnene i Tverrådalen i dag. Vatn som Leirungsvatnet er delvis isfritt.

Med det kan vi ynskje velkomne til alle som ynskjer å leggje fisketuren sin til Skjåk. Hugs å løys fiskekort. Kortet gjeld for heile kommunen og heile året med sesongkort. Dette kan gjerast via inatur.no eller hjå ein lokal forhandlar i bygda om du heller ynskjer å støtte lokalt næringsliv.

NB! Nokre vatn er svært nedtappa som kan by på utfordringar for båtbruk. Pr. nå er det ikkje aktuelt med bruk av båt verken på Aursjoen eller Raudalsvatnet.

Sjekk heimesida vår https://www.skjak-almenning.no/fiske-i-skjak for meir utfyllande info om fiske, slå på tråden eller send ein e-post.


Birgit Bilstad