Villreinprosjekt

I vinter starta vi opp med eit prosjekt med fokus på villrein for 8.klasse i Skjåk.

Fyrst ein "innedag" med fokus på biologi, historie, reinen som ressurs, samt utfordringsbildet rundt arten. Elevane prøvde seg også på meir praktiske oppgåver som høyrer med forvaltninga.

I går og i dag har det vore fokus på å få teorien ut i felt. Turen gjekk inn i villreinområdet for å sjå på historisk fangstkultur. Turen innover vart ei ivrig konkurranse for å finne flest sporteikn av arten. Etter ei natt i telt var vi heldige å få besøk av Norsk villreinsenter som baud på eit opplegg med 40 varierte oppgåver og gjeremål.

Takk til Skjåk barne og ungdomsskule og villreinsenteret for godt samarbeid og til ein veldig fin gjeng i 8.klasse!


Birgit Bilstad