Ung eller vaksen. Einsleg eller familie.
Laurdag 4.juli ynskjer vi velkomne til fiskedag på Heimdalsvatnet i samarbeid med DNT Gudbrandsdalen, Skjåk kommune og Skjåk Jeger- og Fiskarlag. Lågterskeltilbod, men med variert innhald, mat og drikke, samt fokus på trivsel og friluftsglede! Sprei bodskapen!
Dato: Laurdag 4. juli
Tid: Kl. 11.00–14.00
Stad: Oppmøte ved Heimdalsvatnet
Arrangør: Skjåk Almenning, DNT Gudbrandsdalen, Skjåk Kommune og Skjåk Jeger- og Fisk
Passer for: Alle er velkomne - Arrangementet er gratis og krev ingen påmelding.
Bli med oss på ein koseleg og innhaldsrik fiskedag ved idylliske Heimdalsvatnet! Det blir ein dag full av aktivitetar og opplevingar for både store og små.
Aktivitetar du kan vere med på:
- Garnfiske og stongfiske – med moglegheit for å låne fiskeutstyr
- Lage bål og poppe popkorn
- Spikking med kniv
- Rullering mellom aktivitetar etter ønske
Mat og inspirasjon:
- Det blir felles lunsj med fiskesuppe og brød på bål.
- Du kan ta med eiga grillmat og du ynskjer.
Fiskekonkurranse med fine premiar!
Alt er gratis, og alle er velkomne – enten du er erfaren friluftsentusiast eller berre nysgjerrig på å prøve noko nytt saman med familien.
Ta med godt humør, kle deg etter vêret og bli med på ein minnerik dag i naturen!