Nå er det klart for å søkje villreinjakt i Skjåk Almenning

Vi har nå opna søknadsportalen på villreinjakt i Skjåk. Søknadsfristen er tysdag 7. april. - fristen er lik for både innanbygds og utanbygds.

Slik søkjer du;

  1. Send inn kun ein søknad per person / lag via skjema. Ein aukar ikkje sjansen for jakt ved å sende inn fleire søknadar på same person. Du treng heller ikkje sende søknad på alle typer dyr eller område.

  2. Send inn søknaden på FYRSTEVALET ditt når det gjeld jaktområde og type dyr. Bruk KOMMENTARFELTET til å skrive dersom du er fleksibel på område og type dyr.

  3. Om lagjakt:

    Inntil 5 jegerar på kvart lag. Alle utanbygds som søkjer som eit lag må søkje om kvart sitt dyr, altså to eller fleire jegerar kan ikkje søkje på eit eller fleire felles dyr.

    Under jakt er det berre den personen som kortet er utstedt på som kan jakte på det tildelte dyret.

    Innad i eit lag kan ein overføre kort frå ein jeger til ein annan på laget etter eigne retningsliner og overføringsgebyr.

  4. Om søknaden har kome fram, vil du få ei stadfesting på e-post. (Sjekk evt. søppelpostmappa).

Villreinutvalet og villreinnemda fastsett endeleg kvote, jaktkontrakt mm. på årsmøtet som er sist i april, så ingen søkjarar får tilbod om jakt før dette er endeleg bestemt.

Info om prisar og søknadsskjema finn du her.




Birgit Bilstad