Fiskekort for innanbygdsbuande – no på Inatur

Frå og med i år kan innanbygdsbuande kjøpe fiskekort for Skjåk Almenning direkte via Inatur.

Fiskekortet gjeld for dei som er folkeregistrert og busette i Skjåk kommune. Det er ikkje tilstrekkeleg å eige eigedom i kommunen, du må ha fast bustadadresse i Skjåk for å kunne kjøpe innanbygds­kortet. Bruksberettiga og eigedomsberettiga i Skjåk Almenning, som ikkje er busette i Skjåk kommune, kan kjøpe dette kortet.

Skjåk Almenning tilbyr eit variert fiske i over 230 vatn og om lag 25 mil med elv, med gode moglegheiter for fiske etter både aure og harr.

Viktige ordningar:

  • Familiekort gjeld for personar som deler same folkeregistrerte husstandsadresse.

    • Det er viktig at alle namna som skal vere omfatta av familiekortet blir registrerte ved kjøp.

  • Barn og ungdom til og med 20 år fiskar gratis med stang og håndsnøre.

  • Barn/ungdom til og med 16 år fiskar gratis med garn og oter.

Kvittering på e-post eller SMS fungerer som gyldig fiskekort og må kunne visast fram ved kontroll.

Du finn lenkja til kjøp her:
https://www.inatur.no/tilbud/699c4cd697b12c670a80d57b

Fiskereglane er under revidering og blir snart publiserte utan at det blir store endringar.

Vi nyttar seinvinteren og våren til førebuingar for å gjere fisketuren din så god som råd. Utleigehyttene blir supplerte med forsyningar og nødvendig vedlikehald blir utført. Blant anna er Heggebotthytta snart klar for utleige att med nytt kjøken og nye soverom.

Nye garn er kjøpt inn og blir supplert der det er nødvendig. Det same gjeld for båtar. Dersom du ynskjer å få tilgang til småbandagarn for å drive utfisking, kan du ta kontakt med oss.

Vi ønskjer god fisketur når den tid kjem!

Birgit Bilstad