Status for utleigehytter

Vi har passert 15. februar som inneber at vi opnar dei aller fleste utleigehyttene att for sesongen. Fjellyttene blir ikkje tilgjengelege på inatur før 15.juni, men frå nå kan ein ta kontakt med oss for leige. Vi vil da vurdere kvart enkelt tilfelle ut i frå ulike omsyn.

Leige av fjellhytter framover blir gjort med eit forbehold om kansellering/endring på stutt varsel dersom det blant anna er villrein nærliggande den aktuelle hytta. Vi gjer likevel vårt for at denne praksisen skal vere mest mogleg forutsigbar både for leigetakar og utleigar. Betaling og henting av nøkler må skje på kontoret til Skjåk Almenning. Du kan nå likevel leggje inn reservasjonar på inatur etter 15.juni. Vegnære hytter og Aursjohytta er tilgjengelege på inatur til ei kvar tid.

Vi har elles ein til nå spesiell vinter med særs lite snø i Skjåk! Bildet viser Hamsedalen og omegn.

Birgit Bilstad