Søknadsskjema - villreinjakt

Bukkejakt i Lundadalen – Foto: Dag Kjelsaas.

Bukkejakt i Lundadalen – Foto: Dag Kjelsaas.

Skjåk Almenning er ei privat bygdealmenning. Dette inneber at ein blant anna står fritt til å fordele fellingsløyvene kvart år. I Skjåk Almenning er det ein fordelingspraksis som består av både trekking og tildeling. Alle innanbygds søkjarar får tildelt villreinjakt kvart år, og kategori dyr blir tildelt etter ei fast rullering. Den største delen av jaktkorta går likevel til utanbygds jegerar, og for utanbygds jegerar er det også mogleg å søkje som lag (inntil 5 jegerar). I tillegg til dette går eit visst antal fellingsløyver til lokale verksemder som sel tilbod med jaktguiding.

Sjå meir informasjon om dei ulike områda under fana JAKT og “Jakt i villreinens rike”. Merk at enkelte område kan bli endra mellom søknadsfrist og jaktstart av forvaltningsmessige orsaker (fredingsoner osv.).

*Nytt frå 2024 er mest sannsynleg innføring av korttypa bukk u 50 kg / kluftbukk i Reinheimen-Breheimen villreinområde. Innføring av korttypa kluftbukk treng godkjenning frå villreinutvalet og villreinnemda -så det er ein føresetnad at dette går i orden hjå dei. Dette blir ikkje avklart før i slutten av april saman med endeleg fastsetting av kvoter.


Slik søkjer du;

  1. Send inn kun ein søknad per person / lag via skjema nedanfor (ein aukar absolutt ikkje sjansen for kort ved å sende fleire søknader)!

    Dette gjeld sjølv om du søkjer på fleire område og typar dyr. Send søknaden på fyrstevalet ditt, og dersom du er fleksibel på område og type dyr / eller vil søkje på fleire område - bruk kommentarfeltet til å prioritere område / type dyr.

  2. Om lagjakt; Alle utanbygds som søkjer som eit lag må søkje om kvart sitt dyr, altså to eller fleire jegerar kan ikkje søkje på eit eller fleire felles dyr. Under jakt er det berre den personen som kortet er utstedt på som kan jakte på det tildelte dyret. Innad i eit lag kan ein overføre kort frå ein jeger til ein annan på laget etter eigne retningsliner og overføringsgebyr.

  3. Dei som søkjer på korttype simle/bukk u 40 kg + kalv vil bli prioritert fyrst så langt det let seg gjere. Nytt frå 2023 er at også innanbygds har høve til å søkje på denne korttypa.

  4. Om du har gjort alt rett, skal du få ei stadfesting og kopi av søknaden på e-post (sjekk evt. søppelpostmappa).

Søknadsskjema innanbygds

Søknadsskjema Utanbygds

Signering og dokumentflyt blir kun utført elektronisk. Dette systemet koplar søknaden opp mot jegerregisteret for å kontrollere betalt jegeravgift. Dersom søknaden din blir godkjent vil du etter kvart motta sms og e-post med signaturoppdrag for jegerkontrakt. Ta gjerne kontakt med oss dersom noko er uklart.

SØKNADSFRISTEN FOR VILLREINJAKT 2024 var søndag 7. april.