Vi søkjer sommervikar 2026!
Som sommervikar hos Skjåk Almenning får du ein variert og sosial sommarjobb, der du jobbar tett på både lokale brukarar og tilreisande gjester. Du vil sitje i resepsjonen og vere den første mange møter når dei tek kontakt med oss.
Arbeidsdagen består i hovudsak av kundebehandling og praktiske kontoroppgåver. Du vil mellom anna selje fiskekort, hjelpe kundar med spørsmål om fiske og friluftsliv, samt handtere utleige og praktiske spørsmål knytte til almenningshytter.
I tillegg vil arbeidet kunne omfatte enklare vedlikehald av almenningshytter, som til dømes beising og anna førefallande arbeid.
Stillinga passar godt for deg som:
•Likar å møte menneske og yte god service
•Er trygg i møte med både vaksne og ungdom
•Er strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver
•Har interesse for natur, friluftsliv eller lokalmiljøet
God lokalkunnskap er ein fordel, men ikkje eit krav. Du vil få opplæring i rutinar og system. Det viktigaste er at du er positiv, lærevillig og påliteleg.
Arbeidet kan innebere oppmøte på ulike stader og varierte arbeidsoppgåver. Det er difor ein fordel om du har høve til å forflytte deg sjølv til og frå arbeidsplassen. Førarkort, til dømes for bil/traktor/moped er ein fordel, men ikkje eit krav.
Søknadsfrist: 1. april
Stad: Industrivegen 10, 2690 SKJÅK
Alder: Fra 16 år
Søknader sendast på e-post: firmapost@skjak-almenning.no
Spørsmål? Ring oss på telefon 61 21 39 00