Bruk av utleigehytter

Alle hyttene våre i høgfjellet er stengde i perioden 1. desember til 15. februar av omsyn til ulikt artsmangfald med ynskje om redusert ferdsel i ei sårbar tid. Aursjohytta og hytter nær veg er opne i denne perioden.

I perioden 15. februar -15.juni kan ein ta kontakt med oss for leige. Vi vil da vurdere kvart enkelt tilfelle ut i frå ulike omsyn ein må ta. Den som ynskjer å leige hytte må vere førebudd på at bestilling av hytte blir kansellert/endra på stutt varsel dersom det blant anna er villrein i område. Dette forbeholdet vil gjelde utan unntak og er noko kunden må ta høgde for. I slike tilfelle prøver vi å finne alternativ dersom det er ynskt. Betaling og henting av nøkler må skje på Skjåk Almenning.

Frå 15.juni er oversikten over hytter som er opne og stengt oppdatert på Inatur som ordinært.

Booking gjer du enklast sjølv ved å gå inn på Inatur. Her finn du også informasjon om dei ulike hyttene. Ta gjerne kontakt med oss i Skjåk Almenning dersom du lurar på noko!

Birgit Bilstad