Elg, hjort og rådyrjakt 2025 - felling og statistikk
Elg og hjortejakta i Skjåk Almenning 2025 er historie og alle kjevar og fellingsrapportar er gått gjennom og godkjent i hjorteviltregisteret.
Totalt vart det felt 80 elg i Skjåk Almenning i 2025, mot 63 i 2024. Totalt vart det skote 99 elg i heile Skjåk kommune (Skjåk Almenning og Skjåk Utmarksråd til saman), mot 77 året før.
Gjennomsnittleg kalvevekt for heile Skjåk vart 57 kg, medan gjennomsnittsvekt på 1 1/2 år vart 120,7 kg. Vektene varierar frå 35 til 80 kg på kalv, og frå 91 kg til 154 kg for åring.
Vi har over fleire år premierer uttak av små kalvar (og åring/vaksne) med ein rimeleg kgpris, og håpar difor at vi har fått ut noko av det vi definerer som skrapdyr.
Det vart felt 40 hjort i Skjåk Almenning (36 i 2024), og totalt 215 hjort i heile Skjåk kommune (204 i 2024).
Gjennomsnittleg kalvevekt på hjort var 32,3 kg og 51,7 kg for alle 1 1/2 års gamle hjortar.
I Skjåk Almenning vart det i 2025 felt 23 rådyr, mot 36 i 2024.
For dei som er interessert i meir statistikk ligg dette i hjorteviltregisteret.