Avlyst rypejakt

Resultatet frå årets rypetaksering i Skjåk Almenning er no klart. Resultatet viser ei tettheit på 1,8 fuglar pr. km og ein produksjon på 0,6 kyllingar pr. par. Vi står altså over for nok eit rekordårleg år bestandsmessig. Utviklinga har vore spesielt dårleg sidan 2019. Den svært dårlege produksjonen ser ut vil å vera gjeldande både for li- og fjellrype.

Med bakgrunn i denne bestandstilstanden har vi vedtatt å frede rypa for jakt også i jaktsesongen 2023/2024. Dette er sjølvsagt ei veldig kjedeleg melding å sende ut, men av prinsipp blir det feil å opne for jakt når ein på ingen måte har eit haustbart overskot å jakte på.

Innanbygdes kan framleis felle inntil 2 stk orrhaner i jaktperioden.

Birgit Bilstad