Takk for innsatsen i Skjåk Almenning, og lykke til i ny jobb!

Jo Trygve Lyngved hadde sin siste arbeidsdag i Skjåk Almenning denne veka, og i den samanheng ynskjer vi å takke han for alt det han har gjort og oppnådd for Skjåk Almenning i sitt arbeid som allmenningsstyrar i over 10 år!

Jo Trygve vart tilsett som allmenningsstyrar i ein alder av 28 år, og det var nok ein del som meinte at dette var ein jobb der det kravst større erfaring enn det på baken. Med sin store arbeidskapasitet og gode leiareigenskapar kan vi trygt sei at han gjorde dei vurderingane til skamme!

Han har gjennom dei 12 åra som styrar modernisert mykje av drifta, og gjort Skjåk Almenning til ei endå meir solid og framoverlent bedrift og bygdeallmenning - med gode resultat kvart år, og gjeve almenninga fleire føter å stå på framover.

Langsiktig tankegang med god forvaltning i botn, samstundes som utvikling basert på tilgjengelege lokale ressursar har vore i fokus - og mellom anna Skjåk Biovarme og Måråe Kraftverk er noko av ettermæle han sitt att med i Skjåk Almenning.

Jo Trygve har også vore ein viktig forvaltar og talsperson for villreinen, som både oppsyn og leiar i villreinutvalet i ei årrekkje og til slutt som sekretær for villreinutvalet.

Heldigvis for oss har han framleis kontorplass på Skjåk Almenning - i si nye stilling som Statens Naturoppsyn i Breheimen.

Vi takkar deg for innsatsen og det gode samarbeidet vi har hatt gjennom åra i Skjåk Almenning, og ynskjer deg lykke til i ny jobb framover!

Birgit Bilstad