Info om reinsjakta 2023

Det er under ei veke til reinsjakta startar, og i den forbindelse kjem det litt praktisk info

Utlevering av reinskort og CWD prøveutstyr

Vi ynskjer at alle som har høve hentar reinskorta sine så snart som råd. Vi har ope som vanleg mellom kl. 08:00 -15:30 alle kvardagar.

I tillegg har vi ope laurdag 19. august kl. 14:00 - 18:00 for utlevering av reinskort. Søndag 20. august har vi stengt.

Ope buer i fjellet for reinsjegerar

På Skjåk sørvest står Raudalsbue og Glitterbue ope, samt Storhøbue på Skjåk nordområde. Buene er primært for reinsjegerar i jakttida frå 20. august til 14. september. Buene skal ikke fungere som base over fleire dagar, hald buene ryddig og reine slik at det er triveleg for neste som kjem på besøk. Merk at dei ikkje er disponible før søndag 20. august kl. 14:00.

Stengte vegar etter “Hans” sine herjingar

Lundadalsvegen er ikkje farbar frå bommen og innover pga. fleire store ras og øydeleggingar vidare frå der.

Jaktinfo

  • Hugs at alle skal registere skote villrein i hjorteviltregisteret / sett og skutt appen.

  • Kvelds og nattjaktforbod mellom kl. 19:00-06:00

  • Ta med alt nyttbart kjøtt ut frå fjellet, og hald slakteplassen ryddig. Røys ned slakteavfall slik at ikkje fugl og rovvilt får lett tilgang. Søppel vil vi ikkje ha i fjella våre, så dette tek du sjølvsagt med deg ned frå fjellet.

  • Jaktområde og grenser finn du her, merk nye grenser for Skjåk søraust.

Fylg med på villreinutvalet sine heimesider for info / observasjonar av rein kvar dag og anna aktuell informasjon.

Lisensfelling av jerv frå 20. august

Vi oppmodar villreinjegerane til å registere seg som lisensjeger for jerv, og løyse gratis jaktkort for jerv i Skjåk Almenning. Det er dokumentert sau tatt av jerv både på nord og sørområdet.

All naudsynt informasjon om registrering og oversikt finn du hjå Statsforvaltaren i Innlandet. Her kjem også oversikt over kvote når denne er klar.

Registrering som lisensjeger i Jegerregisteret

Jaktkort Skjåk Almenning rovdyr https://www.inatur.no/jakt/62ff3ec2e5f5772496d60da4/rovviltkort-skjak-almenning

Vi ynskjer dykk fine jaktopplevingar i Skjåk!

Birgit Bilstad