Aktuell informasjon – villreinjakta 2026

Storbukkfall i Breheimen. Foto: Dag Kjelsaas

Storbukkfall i Breheimen. Foto: Dag Kjelsaas



I 2026 kan det fellast 1260 villrein i heile Reinheimen Breheimen villreinområde. 950 dyr i Reinheimen, 40 dyr på Reinheimen Nordvest, 270 i Breheimen (200 på Breheimen søraust og 70 i Breheimen sørvest).

Jakta byrjar torsdag 20.august og held på til og med søndag 13 .september 2026. Det er innført kvelds/nattjaktforbod mellom kl. 19:00 og 06:00.

Les infofolder og kontrakt før jaktstart!

Vi ber om at dykk les godt gjennom både kontrakt og infofolder før jaktstart, her er det mykje viktig og nyttig info! Kontrakt har dykk fått på e-post, og infofolderen fylgjer med kortet. Ta kontakt med oss om noko er uklart eller dykk har spørsmål.

Områdeinndeling i Skjåk Almenning

Skjåk Søraust: Kart over jaktområdet på Søraust i 2026 blir som i fjor, slik at grensa blir langs kommunegrensa mot Lom og Luster. Sjå oppdatert kart over søraust her.

Skjåk Sørvest: På Skjåk Sørvest har vi frå 2019 avtale med Stryn kommune overgangsjakt på jaktbart område i Stryn som er tilknytt grensa til Sørvest. Kart over dette område finn du her.

Skjåk Nordvest:

Det er opna for jakt på Skjåk nordvest i 2026, og det er definert ei eigen kvote på 40 dyr. Om det blir naudsynt vil dei som har jaktkort på Skjåk nordvest få særskild info utsendt per e-post. Det definerte jaktområdet kjem fram i vedlagt kartutsnitt. I stor grad fylgjer jaktfeltgrensa kommunegrensa mot Stranda og Fjord kommune, samt Grotlieigedommen og Breidablikk. I Vuludalen fylgjer grensa høgdekvote 1200 på vestsida av dalen for at dyra ikkje skal pressast mot Reinheimen. Elles gjeld føringar gjeve i underskriven jegerkontrakt. Eventuelle felte dyr blir registrert i sett og skutt på 2217V0023 – Skjåk Almenning nordområdet, men på kjevelapp og kontrollkort skriv ein på faktisk fellingsstad. Dette for å få oversikt over dyr som blir felt på nordvestområdet. Kart over området ser du her.

Skjåk Nord: Kart over jaktfelt og freda område på Nordområdet finn du her.

Overgangsavtalene mellom Skjåk Nord og Finndalen blir vidareført også i 2026. Dette gjeld fylgjande dagar: tysdag, onsdag og torsdag, 1. september, 2. september og 3. september, samt 8, 9. og 10. september.

I denne perioda er kort stempla Fellesområdet Finndalen gyldig i både Skjåk- og Lesjaområde. Kort stempla Lesja-Reinheimen eller Skjåk-Reinheimen, er i same periode gyldige i Finndalsområdet.

Også ordninga med å gå inn frå eige jaktterreng og over grensa blir vidareført i 2026:

AVTALE OM OPE OG DELVIS OPE JAKTOMRÅDE I REINHEIMEN: Områda i Lesja, Vågå, Lom og Skjåkområda aust for Tora-Tverråe-Torsvatnet inngår i eit felles jaktområde i heile jaktperioda. Føresetnaden er da at jeger SKAL starte jakt frå eige jaktområde (står på jaktkortet). Dovreområda er unnateke. Unge jegerar (20 år og yngre) får jakte i heile det opne Reinheimenområdet heile jakta på eige kort!

UNNATEKE FRÅ OPE JAKTOMRÅDE : Områda i Fjord, Stranda og Rauma.

Kluftbukk - korttype vidareført i 2026

På årsmøte i villreinutvalet 2024 vart det bestemt at korttypa “bukk under 50 kg” vart endra til “kluftbukk”. Målet er å få ut fleire eldre bukkar med dårlege gevir, og som er på retur.

Kluftbukk = Bukk utan vektgrense, men med makimalt 2 taggar i toppen (krona) av geviret på ei av gevirstengene (dvs. taggar høgare enn nakketaggens normale plassering). Taggar er gjeldane frå dei er 5 cm lange. Ved knekt gevirstong vil motsett stong gjelde. Kluftbukk blir nærare skildra i infofolderen.

Biletet under syner ein vaksen bukk i midten som vil gå under kategorien “kluftbukk”.

Utlevering av jaktkort

  • Vi sender ikkje lenger kort i posten, og sidan det skal takast CWD-prøve av alle dyr eldre enn kalv, må vi dele ut prøvetakingsutstyr.

  • Alle som har fått tildelt jaktkort må derfor hente ut jaktkort og prøvetakingsutstyr på kontoret vårt i Bismo. Adresse: Industrivegen 10, 2690 Skjåk.

  • Det blir varsla via facebooksida til Skjåk Almenning når korta er klare til henting (vanlegvis i slutten av juni / starten av juli).

  • For å levere ut korta må du har signert kontrakt, betalt faktura på jakta og betalt jegeravgift.

  • Onsdag 19. august har vi ope fram til kl. 21:00 for utlevering av kort, elles er vanleg opningstid måndag-fredag kl. 08:00-15:00. Det er mogleg å gjere avtale utanom opningstid for utlevering av kort, ta kontakt med oss på e-post eller telefon så prøvar vi å finne ei løysing.

Hytter og buer i villreinjakta

I 2026 er det førebels bestemt dette om hyttene til Skjåk Almenning i reinsjakta frå 20. august til 13. september;

Ope buer i heile jakta til disposisjon for villreinjegerar: Storhøbue, Sottjønnbue og Raudalsbue.

Stengt for oppsyn/beitetilsyn heile jakta: Aursjohytta, Sauhytta, Sveinbue og Grønstorrbue.

Buer /hytter tilgjengeleg for ordinær leige på inatur: Skarvedalshytta, Storvassbue, Tverråhytta, Kvitberghytta, Grønvassbu, Nye Glitterbue, Liabu, Legerhytta, Fiskedamkoia, Aursjobu og Heggebotthytta.

Båtar til utleige: Det er mest aktuelt med båtleige på Aursjoen, men pga. sterkt nedtappa vatn leiger vi ikkje ut båt her i 2026.

Presiseringar i jegerkontrakt

  • Nattjaktforbod mellom kl. 19:00 og 06:00. Dette for at reinen skal få ro til å beite.

  • Alt nyttbart kjøtt skal takast med ut av terrenget, dvs. at ein ikkje skal la det ligge att på slakteplassen.

  • Alle skal registrere felte dyr i hjorteviltregisteret / SETT OG SKUTT appen.

  • Bruk av jaktradio skal regulerast, dvs. at ein ikkje skal bruke jaktradio til å fortelje kor det står dyr i terrenget, eller nytte jaktradio aktivt i forbindelse med jaktutøving.

  • Det skal takast prøver av alle felte vaksne dyr med tanke på CWD.

Meir informasjon om skrantesjuke/CWD, prøvetaking og instruksjonsmateriell finn du her. 

  • I 2020 vart kvalitetsnormen for villrein innført. Difor skal alle slakt av kalvar vegast. Slaktevekt hjå hjortevilt er eit viktig mål på kondisjon og tilstand i bestandane. Innføringa med å vege kalvane skal bidra til å overvåke og ta vare på villreinstamma vår. Opplysningar om vekt, kjønn og fellingsdato skal leggjast inn i hjorteviltregisteret eller appen “Sett og skutt” for den enkelte jeger. Det er svært viktig at slaktevekta er faktisk slaktevekt, og ikkje anslått vekt (då denne ikkje vil ha noko verdi for forvaltninga)!

  • For jegerar som skyt kalv: for å stimulere til uttak av små kalvar (14 kg eller lågare slaktevekt) gjeld særskild ordning - meir info om dette finn du i informasjonssfolderen.

Veging av slakt

Det er ynskje om at flest mogleg veg slakta sine mest mogleg nøyaktig (for dei som skyt kalv er dette eit krav) for å få betre data for å vurdere tilhøva i villreinstamma (jf. kvalitetsnormen).

Det vil difor bli hengt opp vekter tilgjengeleg for jegerane både på Aursjoen (ved Aursjohytta) og utanfor allmenningsskontoret i Bismo.

Etter jakta

  • Hugs å ta CWD prøve av alle skote dyr eldre enn kalv, og før inn i hjorteviltregisteret / sett og skutt

  • Registrer skote dyr i hjorteviltregisteret / sett og skutt på rett vald. Meir info om registrering finn du i villreinfolderen.

  • Alle kalvar skal vegast nøyaktig, og slaktevekt førast på kontrollkort og i hjorteviltregisteret / sett og skutt. Om du av ein eller anna grunn ikkje har fått veid kalven nøyaktig er det betre at du ikkje skriv vekt, då ei tippa vekt ikkje har nokon verdi for forvaltninga sin del.

  • Lever / send inn jaktkort med opplysningar til kortutsteder, og lever kjeve med kjevelapp og opplysningar i kjevekasse eller per post (godt renska og tørka!).

  • Alle skal levere inn kortet sitt innan 24. september uavhengig av om ein har felt dyr eller ikkje. Manglande innlevering medfører gebyr, jf. kontrakt.

Aktuelle nettsider for meir informasjon

Vi oppmodar alle om å sette seg godt inn i jegerkontrakta før jakt, samt ha all dokumentasjon med seg under jaktutøving.

God jakt!