Vel blåst jubileumsfeiring

Takk til alle som kom for å markere 225-årsjubileumet laurdag, og ikkje minst til alle som bidrog!🎈🎇

Nær 300 personar var samla i og rundt Dønfoss Grendahus. Ein ekstra takk til Skjåk Turistheim for eit fantastisk måltid og meget effektiv servering! Elles vil vi takke foredragshaldarane, spelmenn, "gevirutlånarar" og Skjåk Bygdekvinnelag for bidrag, Glommen Mjøsen Skog SA, Skjåk Idrettslag, Flåklypa Sendeplatelag, DNT Gudbrandsdalen, Skjåk Jeger- og Fiskarlag, Reinheimen Bågåjægerlag og Skjåk Husflidslag for sine aktivitetar, samt Skjåk kommune, SpareBank 1 Lom og Skjåk og Norsk Almenningsforbund for merksemder.

I vår eiga tippekonkurranse var riktige svar fylgjande;

Høgd på merka tre - 17 m.

Alder på treskive 1 - 85 år.

Alder på treskive 2 - 145 år.

Her var Annine Storbråten Stadsvold nærast. Elles vart det trekningspremiar på Odin Hagen, Marita R. Kveen, Kathrine Brandsar, Sara Lilleengen og Anna-Kristine Grov Plassen. Premiane kan hentast på kontoret vårt.

Elles hadde vi ei uoffisiell kåring av den finaste naturperla i Skjåk. Sota stakk av med denne nominasjonen.

Frå i dag skriv vi "ny historie" og ser fram til 250 årsmarkeringa. 😀

Birgit Bilstad