Føremelding for fiske i Skjåkfjella oppdatert 30. juni

Lengta til høgfjellet i sommardrakt veks seg stadig større, men ventetida blir dagleg kortare!🌞

Med unntak av Bobergtjønne og Kvennåtjønnen er alle andre vatn og tjern isfrie frå Leirungsvatnet til Skarvedalen på nordområdet heilt isfrie. Også vatna i Hamsedalen er opne. På sørområdet byrjar det meste å opne seg no, men må ha litt tid til før dei er heilt opne. Juvtjønnen, enkelte tjern i Søverdalen og alt innover Raudalen er isfritt.

Vi bistår deg meir enn gjerne med planlegginga av den mest optimale fisketuren i Skjåk Almenning denne sesongen. Elvefiske, familiefiske, jakten etter storauren eller ei skikkeleg garnfangst? Send oss gjerne ein e-post på firmapost@skjak-almenning.no, så svarer vi etter beste evne.

Vi set også stor pris på fangstrapportar/tilbakemeldingar, eller ein #skjåkalmenning etter din fisketur hjå oss. Velkomne!🎣

Birgit Bilstad