Skogen si betydning for Skjåk Almenning

Skogen er og har vore ein svært viktig berebjelke i Skjåk Almenning. Dette til trass for at skogsarealet utgjer berre 6 % av eigedommen. I Skjåk Almenning er det anslagsvis 82 000 dekar produktiv skog (hovudsakleg furu).

Fram til 1863 fanst det ikkje former for reguleringar eller lovverk for hogst. Dette førte etter kvart til at hogsten vart større enn tilveksten. Forstmester J.B. Barth uttala i 1959 at Skjåkalmenningen enda ikkje kunne kallast aldeles øydelagt etter langvarig dimensjons- og plukkhogst, men den var så mishandla og svekka at det eigentleg berre var det store arealet att som verdi. Med den nasjonale skogloven i 1863 kom det difor innføringar som skulle regulere hogst etter tilvekst. Skjåk Almenning tilsette fagutdanna personell i 1880 for å skjøtte skogen etter beste evne.

Utover 1900-talet vart det ei omfattande organisering av skogsdrifta i Skjåk. I 1934 stod i alt 126 mann på lønningslista til Skjåk Almenning for å drive hogst 5821 km3 tømmer vart hogd for hand og frakta til sagbruka hovudsakleg med fløting i elvene. I byrjinga var sagbruka private. 5 oppgangssager tok hand om tømmeret; Dønfossaga, Kollungssaga, Stammåsaga, Heggeåsaga og ved Ostrafossen. Etter kvart investerte almenninga også i eigne sagbruk. «Saga» i Bismoen som vi kjenner i dag vart etablert i 1953.

Under hogsten budde karane gjerne i ulike skogshusvær. Etter dagens standard var det sjølvsagt «kummerlege» forhold. Især ved kaldvêr da også hesten måtte inn. Likevel var desse skogshusværa i almenninga av bra standard i forhold til offentlege reglar. Karane måtte helde sengehalmen og kosten sjølve. Den fyrste motorsaga vart teken i bruk i Skjåk Almenning i 1956. Hesten vart utkonkurrert av traktoren på 1960/70-talet. Dette vart starten på ein revolusjon i landbruket. Utover 70-åra vart det stadig færre sesongarbeidarar i skogen.

Omlegging og rasjonalisering har ført til at vi i dag ser ei heilt anna skognæring. Det aller meste blir utført maskinelt. Almenninga har eigen skogbruksplan og forvaltningsplan, men planlegging, koordinering og uttak blir gjort i regi av Glommen Mjøsen Skog der Skjåk Almenning er medlem. Det årlege uttaket på ikring 10 000 km3 blir i all hovudsak foredla lokalt på Skjåk Trelast

Birgit Bilstad