Skjåk Almenning søkjer ny allmenningsstyrar!

Vi ser etter deg som er ein strukturert og tydeleg leiar, med engasjement for eigedomsutvikling og forvaltning av skog- og utmarksressursar.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Overordna ansvar for verksemda

  • Administrativ leiing og sekretær for almenningsstyret

  • Eigedomsutvikling og oppfølging mot dotterselskap

  • Oppfølging av styrevedtak

  • Utviklingsarbeid og forvaltning med basis i almenningsressursane

  • Kontakt med offentlege forvaltningsorgan

  • Personalansvar

Vi håpar du har:

  • Relevant høgare utdanning

  • Ynskjeleg med kjennskap til utmarksforvaltning og næringsutvikling

  • Erfaring med drift av store eigedommar

  • Strukturert og målretta, og med god økonomisk forståing

  • Leiarerfaring, og som kan inspirere medarbeidarar

  • Gode samarbeidsevner og engasjement

  • God arbeidskapasitet og rolleforståing

  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Sjå fullstendig utlysningstekst, presentasjonsvideo og kvar du kan sende søknad her!

Søknadsfristen er 4. juni.

Birgit Bilstad